Gå til sidens hovedinnhold

Kvinne pågripen etter knivepisode på Danmarks plass

BA: Bergensavisen melder kl 14.35 at ei kvinne er pågripen etter knivepisoden på Danmarks plass

Politiet har tatt hand om kvinna, som er mistenkt for å ha knivstukke minst éin person torsdag ettermiddag.

Kvinna skal sjølv vere påført skader.

– Vi fekk fleire meldingar like etter klokken 1400 om at ein person skal ha gått frå Kronstad mot Danmarks plass og oppført seg trugande med kniv. Meldingane gjekk ut på at fleire personar skal ha blitt knivstukke på vegen, seier operasjonsleder i Vest politidistrikt, Bjarte Rebnord.

Kun kvinna som er skadd

Klokka 14.50 melder politiet at dei har fått ein ny situasjonsforståing av hendinga på Danmarks plass.

– Vi trudde først det var ein person som var knivstukken, men no ser det ut som om det kun er den mistenkte kvinna som er skadd. Ho har blod på seg, men skadeomfanget er ukjent, seier operasjonsleder i Vest politidistrikt, Steinar Hausvik, til BA.

Han seier vidare at dei per kl. 1450 ikkje har fått meldingar om andre skadde personar.

– Vi søker fortsatt i området, og vi ber vitner eller eventuelle skadde om å kontakte politiet, seier Hausvik.

Kommentarer til denne saken