– Klokka 13.18 i dag fekk operasjonssentralen i Vest politidistrikt melding om ein fritidsbåt som hadde gått rundt/kantra vest for Sandøyna i Askvoll kommune, og at det var menneske i sjøen og også inne i båten.

Det skriv operasjonsleiar Eivind Hellesund i ein pressemelding fredag kveld.

Det blei raskt klart at det hadde vore tre personar i båten, to vaksne og eitt barn.

Det var andre båtfolk i området som varsla. Dei hadde sett båten med kjølen i været. Det var grov sjø i området.

– Dei som varsla og andre som var i området med tilgjengelege båtar gjorde ein formidabel innsats med redningsarbeidet før andre ressursar kom fram. Det blei sendt redningshelikopter, luftambulanse, redningsskøyter, Kystvakt, dykkarar, politi og helse mot staden, skriv Hellesund.

Dei tre blei berga opp av sjøen høvesvis til ein sivil båt, ein ambulansebåt og eit redningshelikopter. Livreddande førstehjelp blei utført på to personar. Ei kvinne i 30-åra og eit barn under 10 år. Den siste personen, ein mann i 30-årene, blei ikkje alvorleg skadd.

– Dessverre omkom kvinna i 30-årene i ulykka. Barnet er flydd til Haukeland universitetssjukehus, skriv Hellesund.

Dei involverte er i ein familiær relasjon, forklarar Hellesund, og legg til at andre pårørande er varsla.

Kriseteam i aktuelle kommunar er varsla og tek vare på dei som er involvert.

– Politiet etterforskar ulykka og har snakka med vitne/andre i området og oppretta sak, avsluttar politioverbetjenten og operasjonsleiaren.