Kvinne i 20-åra funnen i god behald etter leiteaksjon

Tre politipatruljar og mannskap frå Røde Kors og Norske redningshundar leitte måndag kveld etter ei kvinne i Førde.

DEL

Kvinna vart meldt sakna frå bufellesskapet ho budde i tidlare på dagen.

Leiteaksjonen starta i 23-tida, men var over klokka 00.30. Då vart kvinna funne utandørs.

– Ho var kald, men vaken og bevisst. Ho vart frakta til Førde sentralsjukehus for sjekk, opplyser Vest politidistrikt.

Tips Oss
Tlf. 57 75 73 28 E-post: redaksjon@firdaposten.no SMS/MMS "fiptips" til 2005

Artikkeltags