– Kvikkas leverer BT på dagen

ANTON SENNESET

ANTON SENNESET Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

– Det er lenge sidan Posten har levert BT på dagen i Bremanger, men det får eg no med Kvikkas.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Det fortel Anton Senneset i Bremanger, som har helde Bergens Tidende i kring 50 år.

– På 60-talet då fekk vi BT på dagen her oppe. Trur den vart frakta oppover med sjøfly den gongen. Men i seinare år med Posten som distributør har eg ikkje fått Bergens Tidende på utgjevingsdagen lenger. Faktisk så brukar eg å få fredagsutgåva først på måndagen, fortel Senneset.

Han har fått med seg bråket rundt anbodet på avisleveransar, der Ålesund-firmaet Kvikkas no har teke over på laurdagen.

– Det fungerer godt. Det kjem ein mørk mann med den og han gjer ein god jobb. No leverer Kvikkas laurdags-BT på dagen, medan Posten leverer fredagsavisa måndagen, fortel han. Han presiserer at Posten sin folk lokalt gjer god jobb og at utfordringa ligg høgare i systemet.

Firdaposten tok ein prat med Kvikkas sin underleverandør Norpost. Eirik Hovden er ansvarleg for distribusjonen i Sogn og Fjordane.

- Vi har fått veldig lite klager frå Bremanger. Vi har ei konkret klage frå Kalvåg og i starten var det nokon i kommunen elles som fekk avisa søndagen og ikkje laurdagen. Men han som har ansvaret i Bremanger er ein veldig flink og ryddig person. Han har også erfaring frå slikt arbeid frå før, fortel Hovden.

LES OGSÅ OM KVIKKAS I FLORA:

Artikkeltags