Gå til sidens hovedinnhold

Kvifor heiter det eigentleg «Black Friday"?

Benjamin Mellingen Thuen og Arne Hjorth Johansen er tilbake i studio. Her er den tiande utgåva av Quizosiadote.

Tema for dagens Quizosiadote er «Black Friday», eller i det minste fargen «svart». Det blir som vanleg anekdotar, assosiasjonar, og av og til eit forsøk på å svare på quiz-spørsmål.

På vegen er duoen innom nazistane sine konsentrasjonsleirar, Peter Green sitt låtskrivartalent, manifest frå norsk film på 2000-talet, og sjølvsagt det store spørsmålet: Kvifor heiter det eigentleg «Black Friday»?

Du finn episoden her:

Kommentarer til denne saken