Eg ser på fjt.no at Kinn kommune har fjerna kommunalsjefstillinga for innovasjon og utvikling.

Kan ein gjere slikt? Så vidt meg bekjent har dette ikkje blitt behandla politisk, verken i formannskapet eller i kommunestyret. Denne stillinga var jo en viktig del av ja-sida si begrunning for at Vågsøy skulle bli satsa på i den nye Kinn.

Det blei forespeila at ein skulle få ei stor satsing med ny teknologi og oppbygging av kompetansemiljø gjennom denne unike kommunalsjefstillinga. Og så legg ein den berre ned?

I følgje Kjell Heggen sitt innlegg er stillinga omgjort til rådgjevar. Raudt har ingen grunn til å tvile på at det stemmer, men dette reiser jo interessante spørsmål. Er det kommunedirektøren som har gjort dette på eiga hand? Har ordfører Teigen visst om dette? I ei tid med tilsettingsstopp på grunn av dårleg økonomi er det vel litt rart at ein opprettar ei ny rådgjevarstilling i sentraladministrasjonen uten å drøfte dette politisk? Hvis ein innsåg at denne kommunalsjefstillinga var overflødig, burde ein då ikkje lagt den ned og spart dei lønnsmidlane? Kva er arbeidsområdet og stillingsinstruksen for denne nye rådgjevarstillinga? Har vedkommande fått behalde kommunalsjef-lønna som rådgjevar?

Spørsmåla er mange og Raudt vurderer å ta dette opp i førstkommande kommunestyremøte.