Norun Haugen har ein flott dokumentar om dyrevelferd. Slik skal vi ikkje ha det i landbruksnæringa. Dette gjeld ikkje berre svin, men også andre dyreslag. Som ho påpeika fleire gonger, så er det ikkje bonden ho vil til livs. Det er systemsvikten, ho vil til livs.

Dette gjeld også den landbrukspolitikken som har vore ført. Dei siste 40-50 åra, har vore prega av effektivisering, økonomisering, aukande forbruk og lågare prisar. Verdien på husdyra sine avkastningar har gått ned, samstundes som krava til produksjonen har auka.  Dette er ei utvikling, som naturleg stoppar seg sjølv til slutt. Før eller seinare, må vi oversjå dyrevelferd, for å effektivisere meir.

Så er det opp til oss som forbrukarar, å velgje kva vi vil ha i framtida. Eg blei ikkje sjokkert over dokumentaren. Eg blei så glad, når vi endeleg fekk ein dokumentar, som sette søkelyset på det systemet vi har i dag.  Dokumentaren visar berre kva slag samfunn vi lever i. Verken dyreverd eller menneskeverd, betyr så mykje i dag. Er du bonde, så vil du gjerne arbeide med jord og dyr. Ikkje slite, med ulike politiske retningar eller krav til effektivisering. Den økonomiske gevinsten, er ikkje stor i landbruksnæringa. Dei fleste sponsar sitt eige bruk med arbeid utanfor bruket. Dette gjer at eg og du, kan ete oss mette på billeg mat. For norsk mat er billeg, i høve til den gjennomsnittlege inntekta vi har, og dei andre kostnadane vi har til å bu, feriere og underhalde oss sjølve.

Så eg takkar Norun Haugen for dokumentaren. Eg beklagar overfor Norun Haugen, at ho ikkje føler at ho blei teken på alvor av Mat og landbruksministeren. Eg beklagar overfor bøndene, som blei vist i denne dokumentaren. Dei er ganske så sikkert ikkje åleine. Vi skal heller gå inn og spørje dei, kva endringar må til, for å heve dyrevelferda. For vi andre er så opptekne av å legge skuld på alle andre enn oss sjølve. Og! Dette gjeld nok ikkje berre svinenæringa. Dette gjeld heile samfunnet og vi må legge skulda på oss sjølve. Mest skuld har nok produksjonsledda etter bonden, som krev låge prisar og effektiv drift for å halde prisane nede, slik at dei sjølve kan sitte igjen med fortenesta.