Kvardagsheltar i krisetider

Jon Valur Olafsson i Senterpartiet.

Jon Valur Olafsson i Senterpartiet. Foto:

Av
DEL

Debatt:Covid-19 situasjonen kom brått på oss. Plutseleg står samfunnet stille, gatene vert folketomme, vi møter stengte treningsstudio og frisørsalonger og fleire bedrifter står utan inntekt og risikerer å måtte permittere tilsette. Vi veit ikkje kva omfanget av dette vert. Mange går ei svært usikker framtid i møte.

Måndag kveld kom helseministeren med følgande bodskap: «Ver rause med kvarandre i denne vanskelege tida».

Vi har ein tendens til å vere snare med å kritisere når ting rundt oss vert vanskelege. Mange vart kritiserte på torsdag fordi dei hamstra i butikken. Sjølv handla eg berre det eg strengt tatt måtte ha. Det slår meg; kan det tenkast at folk vart redde? Usolidarisk, sa nokon. Ja det kan så vere.. men, er det slik at alle til ei kvar tid har full oversikt over forsyningssystema til daglegvarekjedene? Visste vi før lunsj på torsdag kor mykje mat og daglegvareartiklar vi har tilgjengeleg i Noreg til ei kvar tid? Vi veit alt dette nå. Eg personleg veit om folk som hamstra mat på torsdag fordi dei vart livredde.

Som Erna Solberg sa: «ikkje ta på, men ta vare på kvar andre».
Helsepersonell i Kinn har uttalt noko slikt som «berre vi held oss friske skal vi gjere alt som står i vår makt i denne situasjonen». Denne innsatsviljen gjer grunn til ståande applaus.

Kommunen si kriseleiing har stått på både dag og natt med ein erfaren og habil kommuneoverlege i spissen. Noko av det som er blitt gjort er å kartlegge tilgangen på helsepersonell dersom vi får ein situasjon der reservestyrkar må mobiliserast fordi mange av dei tilsette i kommunehelsetenesta vert sett ut av spel. I løpet av eit par dagar har over 80 personar med helsefagerfaring meldt seg til teneste. Dette er ressurspersoner som pr dags dato ikkje har eit tilsettingsforhold i Kinn kommune. Eg vert stolt!

Frivilligheita viser seg frå si beste side. Vi ser at Røde Kors står vakt og passar på å informere gjestar og tilreisande om karantenereglar. Sanitetskvinner står vakt på sjukeheimane og nye Facebook-grupper dukkar opp for å hjelpe folk i ein vanskeleg situasjon. Mat og medisin vert køyrt ut til vener, naboar, familie og folk ei knappast kjenner som sit i karantene.

Folkens: Det er er no det gjeld!!

Og så til den gruppa som har jobba knallhardt og bortimot heilt usynlig. I løpet av et par dagar var alle barne og ungdomsskulelærarar i Kinn-klare med planar, digitalt undervisningsopplegg, og informasjon til born og foreldre.
Dette er ei mobilisering i skuleverket som vi aldri tidlegare har sett eller kanskje hatt behov for.

Utan så mange fleksible og løysingsdyktige lærarar vil vi foreldre aldri kunne gitt ungane våre den heimeundervisinga vi nå får høve til. Tusen takk til alle tilsette i skulesektoren i Kinn.

Til slutt må vi småbarnsforeldre ikkje gløyme oss sjølve. Mange av oss står i ein vanskeleg situasjon, der vi skal drive heimekontor og undervisning frå provisoriske pultar og kjøkenbenkar. Nokre er permiterte og ser mot ei usikker framtid.

Det kan gjere stemninga rundt kjøkkenbordet både krevjande og utfordrande. Likevel står vi på for å gjere det beste ut av situasjonen slik at ungane våre ikkje skal gå glipp av noko på grunn av denne heilt spesielle situasjonen.

La oss halde fram med det gode arbeidet. Til slutt eit sitat frå Per Fugelli: «Hvis man aldri får prøvd seg i livets faresoner, hvordan skal en da bli «fit for fight» i jungelen?»

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags