Salet av norsk sjømat til utlandet i november er lite hyggeleg lesnad for Norges sjømatråd og for næringane.

I november blei det eksportert sjømat for 9,4 milliardar kroner. Det er ein nedgang i verdi på 11 prosent, eller 1,2 milliardar kroner, samanlikna med november i fjor.

Hittil i år er det eksportert sjømat for 96,6 milliardar. Det er ein nedgang på 1 milliard kroner, eller ein prosent, målt mot samme periode i fjor.

- Norsk sjømateksport merkar no verkeleg effekten av ein hotell- og restaurantsektor som meir eller mindre er nedstengd i Europa, seier direktør for marnadsinnsikt og marknadstilgang i Norges sjømatråd, Tom-Jørgen Gangsø.

Gangsø legg til at november i fjor rett nok var svært sterk. Men samtidig hadde verdifallet vore endå større om ikkje den norske krona hadde hatt ei kraftig svekkjing siste året. Og sjølv med eit god førjulssal i detaljhandelen, vil det ikkje vege opp for bortfallet frå restaurantnæringa.

Polen, Danmark og Frankrike var dei største marknadene for norsk sjømat i november.