Korleis skal skulestrukturen være i Kinn kommune i framtida? Det spørsmålet er no ute på høyring. Administrasjonen har gjort sine vurderingar. Det var spekulert i at dei ville legge ned ein av skulane i sentrum, men administrasjonen meiner det har lite hensikt å legge ned ein skule, og flytte elevane over til ein annan skule som då vil trenge utbygging for å kunne ta i mot dei.
Krokane og Torvmyrane skule blir altså ikkje lagt ned. Men for grendeskulane ser det igjen stygt ut.
Elevtalet fell drastisk
Skulane i Stavang og Steinhovden er freda fram til sommaren 2023. Men i sitt framlegg til ny skulebruksplan går kommunen inn for å legge dei ned. Bakgrunnen er at framskrivninger av elevtalet viser at det vil falle drastisk i åra som kjem.
Gjennom høyringsprosessen har innbyggarane høve til å kome med innspel til administrasjonen og politikarane. Ein del av den prosessen er at kommunen skal ut og informere innbyggarane direkte, gjennom informasjonsmøter fleire stader i kommunen.
Den prosessen startar dei på i neste veke.
– Oppvekst- og kulturutvalet i Kinn kommune har sendt forskrift om opptaksområde for skulane i Kinn kommune på høyring, med høyringsfrist 16.02.2022. I samband med dette inviterer vi no til informasjonsmøte, skriv kommunen på sine nettsider.
Det blir arrangert informasjonsmøte på følgande datoar
- 24. januar kl. 18.30–20.00 på Eikefjord barne- og ungdomsskuletysdag
- 25. januar kl. 18.00–19.30 på Steinhovden skuleonsdag
- 26. januar kl. 18.00–19.30 på Vågsøy ungdomsskuletorsdag
- 27. januar kl. 18.00–19.30 på Stavang skulemåndag
- 31. januar kl. 18.00–19.30 på Florø kulturhus
Informasjonsmøta vert gjennomført i samsvar med gjeldande smittevernreglar, og kommunen oppmodar alle til å ta omsyn til dette.