Kinn blir ikkje delt i denne omgang. Sjøl om endelig vedtak ikkje er gjort i regjeringa, så er signala frå departementet klare. Enda ein gang er folket i Vågsøy blitt kjørt over av kjøttvekta. Mange er skuffa og frustrerte over at eit fleirtal av Florø-politikarar skal tvinge innbyggarane i Vågsøy til å fortsette i ei kommune dei aldri ville inn i.

Og så var det nok mange som hadde håpa at Sp sentralt ville innfri det dei hadde lovd, at Kinn skulle delast viss innbyggarane i ein av dei to gamle kommunane ville det. Vi forstår og deler den forbannelsen og skuffelsen som mange kjenner på no. Slike løftebrot gjer noko med tilliten til systemet. Men det syner også kven som er til å stole på – og ikkje.

Det siste året og kampen for deling av Kinn har ikkje vore bortkasta. Den har lært oss viktige saker:

  1. Vi har fått dokumentert at når folket engasjerer seg og krev endring så skjer det noko. Det var få folkevalde og parti som i utgangspunktet ville ha folkerøysting om Kinn si framtid. Det blei pressa fram av underskriftsliste frå innbyggerane.
  2. Vi har fått dokumentert at motstanden mot Kinn fortsatt er like stor i Vågsøy, og at den har auka markert i Flora.
  3. Vi har fått klarlagt at dersom Kinn skal delast av dagens regjering, så må det bli fleirtal for det i kommunestyret. Andre løysingar var bare valgflesk.
  4. Vi har sett at det finst folkevalde som greier å legge vekk prestisje og erkjenne at Kinn ikkje blei det ein hadde trudd då ein gjekk inn for samanslåing i si tid.

Raudt sitt syn er fortsatt at Kinn ikkje er noko fornuftig kommunekonstruksjon. Ei kommune må henge i hop og vere eit felles bu- og arbeidsområde. Og viktigast: Den har ikkje oppslutning hos innbyggarane i tilstrekkelig grad, spesielt i Vågsøy-delen.

Derfor vil Raudt arbeide vidare for at Kinn skal delast. Vi kan ikkje seie når neste anledning vil komme for å fremme sak om dette igjen, men kommunevalet til neste år vil bli viktig for om det blir mulig å få til eit fleirtal i kommunestyret for å ta opp prosessen igjen.

I mellomtida vil Raudt jobbe slik vi har gjort med å fremme gode forslag og gode saker i kommunestyret og arbeide for å få ned forskjellane i samfunnet vårt. Vi treng alle gode krefter med på laget.