No skal ein vere forsiktig med å førespegle kva ei folkerøysting vil ende i. Men vi tek utgangspunkt i ei eventuell deling. Det som er bra denne gongen, er at dei fleste partia har sagt at dei vil respektere resultatet, det skulle berre mangle. Litt må ein ha lært om ikkje anna. Det vert hevda at dette kjem til å koste ein masse pengar, kvar har ein dei tala frå? Dersom det vert deling så berører det ikkje så mange. Dei som vert råka er ei 15-20 stillingar i toppen.

Lærarar, rektorar, sjukepleiarar og anna personell vil ha sine oppgåver der dei er i dag. Så ikkje høyr på denne skremselpropagandaen som dei som er for Kinn prøver å skape inntrykk av, for dei 1600 tilsette. Der er to selskap som ikkje Flora nytta før, Nomil og Nordfjordnett, ynskjer Flora å fortsette med det så vil ei skilsmisse ikkje ha nokon betydning, vil dei ikkje så må dei finne andre løysingar.

Det som har gjort Kinn kommune svært dyr å drive både administrativt og politisk har med den lange avstanden å gjere. Ser ein på kva kostnaden med å drive Kinn kommune i forhold til Flora og Vågsøy kvar for seg så er den formidabel og har auka i størrelse 25-30 mill kr årleg. Skulle ein ikkje spare pengar på å slå seg saman nettopp på disse områda? Kva er så noko av årsaka? Både Flora og Vågsøy hadde mesteparten av sine politiske møte på ettermiddag og kveld, der var såleis avgrensa kor mykje som måtte betalast ut i tapt arbeidsforteneste og ikkje minst reiser.

For administrasjonen så er problemstillinga noko annleis sjølv om der er likheitstrekk. Det å reise ein masse att og fram med båt mellom Flora og Måløy og har sine kostnader og tap av arbeidstid som må kompenserast. Disse kostnadane vil ein spare i stor grad om ein vert delt opp. Der er stort behov for nye sjukeheimsplassar i Flora og eg synest at det er rart at leiande politikarar inklusiv ordførar ikkje har hatt større fokus på dette. I Vågsøy så er det Skram skule som vil krevje mykje.

Samla så har Kinn ei alt for høg gjeld, noko vi i Senterpartiet har åtvara mot gong etter gong. 2,8 milliardar i gjeld vert råka av siste rentehevinga med 14 mill kr, der er rett nok noko av gjelda som har fast rente, men det varer ikkje så lenge. Kjem der ei ny renteauke 1-1,5% vil dette ytterlegare forverre situasjonen, dette vil uansett Vågsøy eller Flora verte tyngjande og vil merkast godt på økonomien. Og då treng ein disse innsparingane som ein kan oppnå med reduserte kostnader.

I siste kommunestyre så vart det retta søkelyset på godtgjersla til enkelte politikarar, det kan vere nyttig å få avklara om dette er rettmessig eller ikkje. Rett skal vere rett. Det vert hevda at ei av grunnane til at ein kom så mykje betre ut for Vågsøy med å slå seg saman var at Flora hadde ei så god planavdeling med mykje ressursar, men kva er levert for Vågsøy sin del?

Kvar har det vorte av arealplanen fot Vågsøy, den er i alle fall ikkje komme innbyggjarane eller politikarane til del 2,5 år etter samanslåinga. Plan og byggesak i tidlegare Vågsøy var for lite bemanna, dette var der tverrpolitisk einigheit om, men rådmannen stritta imot, dessverre. Men dette må ein kunne finne ei løysing på. Kva løysinga vil verte må dei nye politikarane finne ut av.

Så har vi saka om kjøkkenet i Måløy, der ser vi no at leiaren av Bordgleder KF har gått ut med at tilsette får sjikanerande telefonar, dette er ikkje akseptabelt om så er tilfelle. Men i årsmeldinga til Bordgleder så står der ingen ting om dette, kvifor ikkje dersom dette har noko omfang?.

Eg sjølv har ikkje kommentert kvaliteten på maten i noko høve, dette fordi eg ikkje har føresetnad for å meine noko om dette tema, det er det andre som har som har betre kjennskap. Det eg kritiserte som uforståande var kommunedirektøren sit reknestykke for innsparingar, dei hang kort å godt ikkje på greip og det viste seg å stemme, likevel vart dette trumfa igjennom. Med på det var også Nødseth sjølv om han var rasande på måten Bordgleder vart involverte, kvifor stemte du ikkje imot Nødseth, du kunne no ha stoppa det?

Tek ein også med ordføraren sin handsaming av varaordførar i våren 2020 med endeleg vedtak des 2020, snakk om dumme seg ut for heile landet. Ville dette skjedd om det var ein mann frå Flora? Neppe. Dette er nok noko unikt i landsamanheng og vert ståande som skammans vedtak i historisk perspektiv. No har fleirtalet i Kinn kommunestyre vedteke å halde ei folkerøysting. No er det viktigare en nokon gong å nytte røysteretten.

Så vert det spennande kva rapporten som BDO skal lage inneheld. Dei har laga to rapportar før denne. Dei to har vorte kritiserte for at dei ikkje var nøytrale, spesielt den for Ålesund som var nærmast eit forsvar for å behalde Ålesund, ikkje over kva Haram hadde å tene på dette, eg er skeptisk, så vi får vente til Statsforvaltaren har sagt sitt.

Likevel så stemte 72% av Harams innbyggjarar for lausrivelse.. Det vert også spennande å sjå om Statsforvaltaren har endra syn på Kinn, sist han vart beden om å meine noko så frårådde han med god grunn samanslåinga. Vi kan ikkje love gull og grøne skogar om det vert ei deling, men nærheit mellom politikarane og innbyggjarane vil verte heilt andesleis og dei vil ha mykje større kjennskap til dei områda det gjeld, i dag så er dette eit stort minus.

Alle vert no inviterte til både førehandsrøysting og sjølve folkerøysting den 1. september i dei vanlege krinsane. Førehandsrøystene vert ein del av kvart sitt område Flora og Vågsøy og vert dermed på å vise kav innbyggjarane meiner. Det å ikkje nytte seg av røysteretten, men i ettertid vil klage på resultatet, vert som at du vert invitert til middag der dei har brun saus og du ikkje møter opp, men klaga på sausen i ettertid.

Lukke til og god sommar.