Det er ingen tvil om at jakta på byens beste burgar engasjerer. Både Fredrik og Hjorthen blir stadig kontakta av folk som har meiningar i saka. Det er framleis burgarar igjen å teste, og denne gongen er det Bolette og Tapas Bar Burgers som blir lagt under lupen.
Terje Rognsø har takka ja til eit tilbod om å trene Førde neste år. Panelet har sine teoriar om kva som kan vere årsaka til dette. Står det eigentleg bra til med helsa til den tidlegare Florø-trenaren? Eller er det ein konspirasjon for å legge klubben inne i lyskrysset i grus?
Og kva med vimpelen som dukka opp i ein antikvitetsforretning i India? Korleis hamna den der? Hadde Jenny Følling ein finger med i spelet? Og kva kosta vimpelen? Det er slikt dei lurer på.
Dessutan har Fredrik bestemt seg for at podcastpanelet må teste juleøl før jul, og ber om tips til kva sortar som må prøvesmakast i den samanhengen. Vi tek i mot innspel og tips, både til juleøl og andre ting som bør fram i lyset og opp på podcastbordet på e-post: [email protected]
Podcasten finn du her, eller du kan høyre den på Spotify eller andre podcasttenester.