Kva er det Walter White i Breaking Bad kastar opp på garasjen i eit augeblikk av sinne? Det veit dei i dagens Quizosiadote-episode

VEKAS PANEL: Oppgitt programleiar Hjorthen, Magnus Hjorth Lystad og Benjamin Mellingen Thuen.

VEKAS PANEL: Oppgitt programleiar Hjorthen, Magnus Hjorth Lystad og Benjamin Mellingen Thuen.

DEL

Fjerde episode av Quizosiadote er her. Hjorthen er i førarsetet, og ting kan tyde på at denne podcasten har blitt ein høgborg for nepotisme. Det tek dei sjølvkritikk på.

Ja, det er gjest i studio denne veka også, og det er Lisje-Hjorthen som har fått krangla seg til å vere med på moroa. Eit desperat forsøk på å dra til seg unge lyttarar, eller er det berre «cap»?

Har du lyst til å vere gjest i podcasten vår? Skrik som ein kakadue i vår retning, så ser vi kva vi kan få til! Eller har du nokre gode spørsmål du vil at vi skal ta med i programmet? Kontakt oss då vel!

Vekas spørsmål er innom både Sherlock Holmes, Breaking Bad, Kaptein Sabeltann og Vesle Hoa. Korleis det gjekk, ja det høyrer du sjølvsagt akkurat her:

Du kan også finne episoden på andre oppsamlingsplassar for podcaster, som Spotify, eller her på Acast.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken