Gå til sidens hovedinnhold

Kurt Oddekalv gjekk gjennom isen og døydde

Det var miljøaktivisten Kurt Willy Oddekalv (63) som blei funnen i Bahusvatnet måndag ettermiddag.

(BA) Klokka 21.52 sende Vest politidistrikt ut ei pressemelding om personen som blei funnen omkomen i Bahusvatnet i Fana måndag.

Det var miljøaktivist og grunnleggjaren av Norges Miljøvernforbund, Kurt Willy Oddekalv.

Klokka 17.43 melde politiet at dei har gjort funn av ein person.

Spor stoppet ved råk

– Me blei varsla av ein person som hadde sett spor på vatnet. Me rykte ut med politi, luftambulanse og brannvesen, seier operasjonsleiar Terje Magnussen til BA.

Spora skal ha stoppa ved ei råk i isen.

– Det blei gjort funn av ein person kort tid etter at naudetatane kom til staden. Personen blei bekrefta omkomen, seier Magnussen.

Familien ber om ro

I pressemeldinga frå politiet står det at familien ber om ro og at dei vil koma med ein uttale i løpet av dei næraste dagane.

Oddekalv var tidlegare sjømann, utdanna tømrar og byggmeister og hadde også militær bakgrunn. Han dreiv Norges Miljøvernforbund med sponsormidlar frå næringslivet. Særleg var milliardær og samfunnsvelgjerarTrond Mohn ein viktig støttespelar.

Fram til 1993 var han nestleiar og seinare leiar av Naturvernforbundet Hordaland. Den som særleg fekk merka at det var ein miljøkrigar utanom det vanlege som var i spissen for fylkeslaget, var den mektige vegsjefen Josef Martinsen, som konstant var i tottane på Oddekalv.

Oddekalv blei ekskludert under Naturvernforbundets landsmøte i Hurdal i 1993. Han fekk med seg sine næraste støttespelarar, og danna Norges Miljøvernforbund. Det har vore Oddekalvs hjartebarn sidan.

Han bygde opp ein organisasjon som markert seg både på sjøen og på land. Kreativiteten når det gjaldt å få merksemd for aksjonar, hadde Oddekalv aldri nokon problem med. Det var ikkje få gonger bedrifter og andre fekk eit ubehageleg møte med den rappkjefta bergensaren og medarbeidarane hans.

Dei siste åra blei Oddekalv ramma av to slag. Dermed måtte han redusera arbeidsmengda, men han har likevel halde fram med engasjement og aksjonar. I eit intervju med VG i 2019 fortalde Oddekalv at han hadde gløymt symjekunnskapen etter slaga.

Bildeserie

Kurt Oddekalv (1957-2021)

– Kurt var ein bauta

Ordførar i Bergen, Marte Mjøs Persen, seier det er mange som vil sakna Oddekalv.

– Det er med stor sorg eg har teke imot bodskapet om at Kurt er død. Mine tankar og kondolansar går til hans næraste. Kurt var ein bauta i miljøkampen, han kjempa hardt for det han trudde på. Me er mange som kjem til å sakna Kurt, seier Persen til BA.

– Har mista ein tydeleg stemme

– Det var ein trist beskjed å få, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) om dødsfallet, ifølgje NTB.

– Oddekalv hadde eit livslangt miljøengasjement. Han var ein utradisjonell type som skapte mange kontroversar, men engasjementet for naturen var utretteleg, seier statsråden til NTB.

– Miljøbevegelsen har mista ei tydeleg stemme, legg han til.

Kurt Oddekalv blei 63 år gammal.

Kommentarer til denne saken