I år kan du få kjenne kunsten på kroppen

Franske Lionel Fahy tatoverer i modernistisk stil.

Franske Lionel Fahy tatoverer i modernistisk stil. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

- Kom til Vevring og skaff deg ei fransk tatovering, oppmodar Ørjan Thingnæs i utstillingsnemnda.

DEL

VevringsutstillingaKroppskunst er årets kreative vri på den tradisjonsrike Vevringsutstillinga. Det er den 39. i rekkja og den finn stad den 15.-17 september.

I år kan du verkeleg bli del av Vevring-kunsten ved å bli tatovert, med ikon og figurar skapt av franske Lionel Fahy.

Franske Lionel Fahy

Franske Lionel Fahy Foto:

Tatovering på bestilling

-Vi er svært glade for å få ein så kjend tatovør til Vevringutstillinga. Han reiser rundt om i heile verda og tatoverer, seier Ørjan Thingnes i utstillingsnemnda.

Fahy var leiar for det franske bandet Portobello Bones som turnerte i Europa og Canada på nittitalet. I 1997 “oppdaga” han tatovering, og inspirert av kunstutdanninga si fornya han på mange måtar denne kunstforma med nye grafiske uttrykk. I tatoveringsmiljøet vert dette kalla fransk avant-garde, og Fahy vert trekt fram som ein grunnleggjar av den franske stilen.

Franske Lionel Fahy tatoverer i modernistisk stil.

Franske Lionel Fahy tatoverer i modernistisk stil. Foto:

I Vevring vil han også vise måleri og trykk i ulike teknikkar. I dag lever franskmannen som kunstnar, illustratør og tatovør. Om ein vil ha ei tatovering må ein bestille time på førehand. Ein tek då direkte kontakt med kunstnaren på e-mail. lionel.fahy@gmail.com, prisen kjem på størrelse vanskegrad av tatoveringa.

H.P. Gundersen

Mange musikkelskarar vil setje pris på at Bergens-musikaren H.P. Gundersen kjem for å framføre eit bestillingsverk for Desibel, som i utgangspunktet var eit kunstprosjekt på Vevringutstillinga i høve markeringa av 30-årsjubileet. Det store "gjallarhornet" laga av Høyanger-kunstnaren Geir Hjetland,  var også i bruk under vandreteateret "Der båra bryt" på Grotlesanden i Bremanger i fjor. Desibel var eit bestillingsverk av ein støykonsert via det spesialbygd instrumentet, som ein protest mot industrialiseringa av fjorden.

H.P. Gundersen har også med seg sitt eminente band The last hurrah! og i front den amerikanske vokalisten Maesa Pullman. Dei vil halde konsert i kyrkja.

Veggmåleri på skulen

VÅRT HAV:  Vigdis Fjellheim og Torunn Skjelland målte eit 60 meter langt veggmåleri i Oslo våren 2015, for setje søkjelyset på båtflyktingane som kom over Middelhavet.

VÅRT HAV:  Vigdis Fjellheim og Torunn Skjelland målte eit 60 meter langt veggmåleri i Oslo våren 2015, for setje søkjelyset på båtflyktingane som kom over Middelhavet. Foto:

Utstillingsnemnda gler seg til å ta i mot Vigdis Fjellheim og Torunn Skjelland. Dei to lagar store veggmåleri, og i Vevring er det vestveggen på skulen som peikar seg ut. Duoen kjem tidleg i veka for å måle ferdig eit måleri til utstillinga opnar.  Kva for motiv dei vil velje, avheng av motivasjon og kva som inspirerer dei i Vevring, men dei vil garantert setje varige spor etter seg.

Fjellheim og Skjelland er truleg mest kjende for eit 60 meter langt veggmåleri på byggegjerdet til det nye Nasjonalmuseet i Oslo. Eit samarbeid med Nobels Fredssenter våren 2015. Verket vart kalla opp etter den italienske aksjonen ”Mare Nostrum” – Vårt hav – som vart sett i verk for å redde båtflyktningar på veg over Middelhavet til Europa. Eit svært aktuelt tema då, og det er det framleis.

Førde-kunstnar

På plakaten står også kunstnaren Maia Birkeland frå Førde, busett i Oslo.  Byløa står framleis ved rådhuset i Førde, og Birkeland tek med seg mindre installasjonar til Vevring. Ho brukar ei rekke ulike uttrykksmiddel; tekst, tekstil, skulptur og installasjon. Eit hovudtema er forholdet mellom menneske, kva dei held på med og staden dei arbeider og lever.

Heile 12 kunstnarar kjem til årets utstilling. I tillegg til dei nemnde, er det Norvald Hemre, keramikk, Eva Sæverud, keramikk, Grete Unstad, måleri, Rasmus Brinch, videoinstallasjon, Eske Rex, skulptur, Lene Jelling Holm, grafikk, Carina Paulson, måleri, og Marit Roland, papir.

Artikkeltags