Kven skal få inntektene frå kunstauksjonen?

Artikkelen er over 4 år gammel

Det kan du bestemme.

DEL

Sparebanken Sogn og Fjordane, avdeling Florø, har tent cirka 150.000 kroner på kunstsal.

Regionbanksjef Ole Aukland ønsker å gi desse pengane i julegåve til eitt - eller høgst eit par - formål innanfor frivillig arbeid, kultur og idrett. Men kven skal få pengane? Det er det store spørsmålet. Du har svaret.

- Vi ønsker at folk i Flora skal hjelpe oss å finne fram til frivillige lag og organisasjonar som gjer noko godt for andre og skapar aktivitetar, seier Aukland.

Støva ned i kjellaren

La oss først gå nokre månader tilbake i tid. Aukland tok seg ein tur ned i velvet og fann fram kunst som stod og støva ned.

Det er snakk om lokale storheiter som Bjørn Hegranes, Bjarne Svanøe, Åge Steinset, Håkon Gullvåg, Kjartan Godø med fleire. Totalt 44 verk.

Gi kulturarven tilbake til offentlegheita, var kongstanken.

Det blei arrangert kunstauksjon under Eikefjorddagane, og sidan har salet halde fram hos Gunhild Bjelland - sjølv kunstnar - på Galleri 34 i Strandgata i Florø.

- Under Eikefjorddagane selde vi for drygt 100.000 koner. Gunhild Bjelland har selt for ytterlegare 30.000-40.000. Vi håper å bikke 150.000 innan salet blir avslutta 15. november. Desse pengane ønsker vi å gi i julegåve til nokon, seier Aukland.

Send inn ditt forslag!

Og det er her du kjem inn i biletet.

Veit du om eit godt formål som fortener ei ekstra påskjønning?

Send forslaget til oss på e-postadresse redaksjon@firdaposten.no - eller legg igjen ein kommentar under denne nettsaka.

NB! Du har frist til 15. november.

Ein jury beståande av Firdaposten og Sparebanken kjem til å plukke ut ein heldig mottakar, som vil bli presentert i avisspaltene.

Artikkeltags