Far og dotter Hjetland i Flora kunstlag

Geir Hjetland og Vilde J. Hjetland stillet ut i Florø.

Geir Hjetland og Vilde J. Hjetland stillet ut i Florø. Foto:

Fredag 29. mars kl. 19 opnar utstillinga “Mjukt og Hardt” av Vilde J. og Geir Hjetland på Kystmuseet i Sogn og Fjordane.

DEL

Kunstnarane er far og dotter og arbeider med kunst med base i Balestrand. Torsdag kjem dei til Florø for å gjere klart til utstillinga, og dei vil vere til stades under opninga.

Vilde J. Hjetland er utdanna tekstilkunstnar ved Kunsthøgskulen i Bergen. Tekstil er hovudmaterialet og strategi i utforming av både bruksretta og skulpturelle arbeid. Ho er også kjent for å vere med i performance- og kunstduoen “dOtti” saman med artisten Thea Hjelmeland, og ho har laga fleire av artisten sine spennande kreasjonar. Blant anna kjolen Hjelmeland hadde på seg under Spelemann-prisen i 2015.

Geir Hjetland arbeider med skulptur i ulike materialer, og er godt kjend for sine skulpturar i aluminium. Han har mellom anna laga skulpturen "Global" ved innkøyringa til Florø ved Flora Samfunnshus og det 20 meter høge Tell Teigen-monumentet i Høyanger.

Hjetland søkjer løysing i grenselandet mellom det mekaniske og det organiske, og beskriv den kunstnarlege prosessen sin slik:

- Eg leitar etter den ibuande konstruktive og poetiske eigenskapen til dei materiala eg handterar, og stiller meg open til den dialogen - motstanden - teknikken, som må til for å skape.

Hanne Storm Ofteland opnar utstillinga og det vert lett servering og musikkinnslag ved James Cramer frå Irland.

Kunsten som vert stilt ut er til sals, og utstillinga vert ståande til søndag 28. april og kan besøkast innanfor Kystmuseet sine opningstider.

Artikkeltags