Fredag 17.april 2015. Den blåblå regjeringa viser enda eit eksempel på kva det vil seie å forandre landet, slik dei lova i valkampen. Nok ein gong skal Sogn og Fjordane lide. No er vi avfallsplass for spekulantane på Aker brygge. Verdas fremste havforskarar er tilsidesatt i lag med våre evigvarande ressursar og etablerte næringar. Kommunal og moderniseringsminister Sanner introduserer fortida som framtid. Dei blåblå i fylket jublar og et kake.
Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) i Flora ser på vedtaket frå regjeringa som eit hån mot norsk forvaltningspraksis, ressursgrunnlag og sunn fornuft. Det er tydeleg at eit AS frå Oslo med økonomiske musklar tel meir enn lokalbefolkning, fiskeri, oppdrett, forskning, turisme og nordmenns eigarskap til eigne naturessursar. Grunnlovas § 112 seier: «Enhver har rett til et miljø som sikrer helsen, og til en natur der produksjonsevne og mangfold bevares. Naturens ressurser skal disponeres ut fra en langsiktig og allsidig betraktning som ivaretar denne rett også for etterslekten.».
Men vi er i 2015. Grunnlovsjubileet var i fjor. Folket langs fjorden er ikkje lenger beskytta av grunnlova. Flagget heng stilt på halv stang, rundt står folk og gret. På Aker brygge sprettar aksjespekulantane sjampanjen. Ikkje ein gong Miljødirektoratet jobbar for miljøet. Etter først å ha fraråda prosjektet grunna skade på miljøet, fekk dei beskjed av Klima- og miljøminister Sundtoft å ta inn ”samfunnsmessige hensyn”. Skatteinntekter og arbeidsplassar vart Miljødirektoratets nye felt. Dei snudde. Klingande mynt for mineralnæringa kjem før miljøet og økosystemet alle dei andre næringane er avhengig av.
Forstå det dei som kan.
"Klingande mynt for mineralnæringa går føre miljøet og økosystemet andre næringar er avhengig av. Forstå det dei som kan."
Martin Malkenes
MDG
Politisk har det vore hallelujastemning for prosjektet i fleire år. Høgre, Ap og Frp konkluderte lenge før konsekvensane var utgreidd. ”I valet mellom fiskeri- og havbruksinteresser, vurderer vi mineraluttaket i Engebø som viktigast”, skreiv Arve Mjømen, fylkesleiar i Høgre i Firda for ei tid tilbake. Ein uttale alle i fiskeri- og havbruksnæringa bør hugse i valkampen. Arbeiderpartiet brukte landsmøtet i Oslo til å gå god for regjeringas konklusjon, støtta av Sogn og Fjordane Ap. Begrepet bærekraftig utvikling som Gro Harlem Brundtland ville tufte samfunnsutviklinga i landet på verkar å ha mista meining.
I skrivande stund har The Guardian, med 36 millionar lesarar månadleg, ein lang reportasje der dei beskriv kva regjeringa i Noreg har gått god for. ”Norway approves mine`s controversial plan to dump waste into fjord”, med bilete av Førdefjorden i solnedgang.
Vi snakkar om negativt omdømme i stor skala. Vi snakkar om eit vedtak som bør høyre fortida til. Vi snakkar og om lokalpolitikk. Dette er det det store fleirtal av politikarar i fylket ser på som eit framtidsprosjekt for å utvikle fylket. Merk deg det. Det er snart val. MDG vil gå for ei bærekraftig næringsutvikling innanfor etablerte og nye næringar. Det er ei heil verd av nytenkning og innovasjon der ute. Vi har alle forutsetningar for å være med. Men då kan ein ikkje gå god for fortidsprosjekt som det som no er planlagt i Førdefjorden. MDG vil jobbe knallhardt for å få stoppa denne galskapen. For det er det det er. Galskap.
Martin Malkenes og Brage Waage
Listetoppar for MDG i Flora