Skal swinge jula inn

Klart for koseleg storband-konsert på Kysten Bar.

Klart for koseleg storband-konsert på Kysten Bar. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Florø Storband med gjestesolistar skal sikre ei glad og swingande jul.

DEL

Florø Storband med gjestesolistar spelar på restaurant Kysten laurdag midt i beste handletida, slik at dei som treng litt avveksling kan få seg ein kulturell fritime i julestria.

For meir detaljar - sjå kulturkalenderen.  

Kulturskulerektor Arne Sunnarvik gler seg til å presentere gjestesolistane som vert akkompagnert av Florø Storband.

- Det er noverande og tidlegare elevar ved kulturskulen, David E. Antonsen, Moa Lindgren, Anders Ingebrigtsen og Vebjørn Leite Olsen. Elles vil eg minne om konsert med mannskoret Gammen og kammerkoret Fryd i Florø kyrkje søndagen og sjølvsagt Vestklang sin midnattskonsert vesle julafta, seier rektoren  som nyttar høvet til å ønskjer follk ei fin høgtid:

- Vi takker for året som har gått og ynskjer alle ei riktig god jul og godt nyttår!

Artikkeltags