Opnar kulturhus med tur på havet

Reidun Øvrebotten.

Reidun Øvrebotten.

Artikkelen er over 4 år gammel

Kulturhuset Heimen skal opnast med tradisjonsrike natronkaker, tur på havet og utstilling med kunstnargruppa Taiga.

DEL

23. mai har Reidun Øvrebotten sett som opningsdato for opning av Kulturhuset Heimen i Bremanger.

Sjå side på Facebook.

"Frå Kjerringhavet til Kinnaklova" har ho kalla opningsarrangementet som er lagt opp som ei todagars fargerik kulturoppleving.

- Det blir ein miks av kunst- og historiefortelling, mat, drikke, sosialt samvær på "Haugefisk" og omvising i kyrkja på Kinn, fortel ho i omtalen av arrangementet.

Saman med venner har ho jobba på spreng med oppussing og ombygging av huset, som skal romme både "Kafè Aletta", "Galleri Dorthea" og fast utstilling av kystkvinneutstillinga "Minne om Maria" og Rylandspynten- ei uvanleg flott brurekrune. I andre etasje er det kino- og konsertsal. 

Skodespelar og lyrikk-tolkar Arnhild Litlerè kjem for å vere den som opnar anlegget, medan kunstnargruppa Taiga frå Hedmark kjem med utstillinga "Tidens reise".  Det er Ingun Kleppan, gullsmed, smykkekunstnar; Ragnhild Arneberg, malar, tekstilkunstnar og Ingema Hoff, som er keramikar og skulptør.

PÅ TIDENS REISE er eit kunstprosjekt over kjende historiske kvinneskikkelsar som Sigrid Undset og Harriet Backer. Det tar for seg den rike, men godt kjende historia om kvinner sin innsats innan kultur, politikk, filosofi og vitskap. Dei blir hylla ved å bli gitt ein høgseteplass kvar og kvar sin flotte hovudpryd.  Nokon av dei har med eit reiseskrin, eller andre gjenstandar som sieer noko om dei eller deira tid.

Reidun Øvrebotten er faglærar i kunstfag og utøvande kunstnar, som med god hjelp frå kommunen har fått realisert draumen om eit lokalt kulturhus.

Artikkeltags