Viste fram haustarbeida sine

UTSTILLING: Flinke elevar i kulturskulen, her saman med lærar Aud Marit Skarrebo Holmen. Alle foto: privat.

UTSTILLING: Flinke elevar i kulturskulen, her saman med lærar Aud Marit Skarrebo Holmen. Alle foto: privat.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Laurdag kunne 25 unge kunstnarar opne dørene til si eiga utstilling i Øyratunet i Svelgen.

DEL

Kunstnarane, i alderen 6-12 år, er alle elevar i visuelle kunstfag og kulturkarusell ved Bremanger kulturskule. Etter månader med jobbing gjennom heile hausten, var dei no endeleg klare til vise fram dei mange kunstverka for publikum. Og dei som tok turen innom Øyratunet laurdag, kunne la seg begeistre både av flotte teikningar, ulike trykk, glaskunst, skulpturar og fargerike kjempeinsekt.

- Nokre av elevane hadde også laga sine eigne teikneseriar, der dei hadde dikta opp både teikneseriefigurane og historia omkring desse figurane, fortel læraren deira, Aud Marit Skarrebo Holmen.

Ho er godt nøgd både med elevane sine og arbeida deira, og med utstillinga laurdag. Diverre var det ikkje alle elevane som hadde høve til å vere med på utstillinga denne dagen, men dei og publikum fekk ein ny sjanse måndag ettermiddag.

Artikkeltags