Flora blir utan kultursjef

Artikkelen er over 1 år gammel

Roald Leivestad gir seg som kultursjef i Flora kommune.

DEL

Onsdag morgon informerte rådmann Terje Heggheim i Flora kommune om at kultursjefen byttar jobb.

- Rådmannen og Roald Leivestad har vorten samde om at Leivestad tiltrer stilling i Personal og organisasjon med arbeidsoppgåver bestemt av personalsjefen, skriv Heggheim i ein e-post til dei tilsette og dei folkevalde.

- Han vil primært arbeide med oppdatering av den overordna HMS-planen. I tillegg vil han delta i Kinn-prosjektet som sekretær i temagruppa for personal og organisasjon, skriv rådmannen.

Med bakgrunn i at det er kort tid fram til kommunesamanslåinga vil stillinga som kultursjef ikkje bli lyst ut, seier Heggheim.

- Rådmannen er i dialog med kulturavdelinga, og vi vil saman finne ei løysing for drift av tenesta framover, informerer han.

 

Artikkeltags