Gå til sidens hovedinnhold

Zorba til Bremanger og Florø

Artikkelen er over 10 år gammel

Med landets yngste sirkusdirektør i front.

Dei komande dagane får både Florø og Bremanger sirkusbesøk. Det er Cirkus Zorba som framleis er ute på landevegen, og det blir framsyningar både søndag og måndag i Florø.

Deretter går turen til Svelgen tysdag, før besøket i vårt område blir runda av med framsyning i Bremanger onsdag 1. september. I tillegg til å vere eit av landets største sirkus, har Zorba også den desidert yngste direktøren, nemleg Ronja Gujord på berre 20 år. Ho tok over etter far sin, berre 19 år gammal, og lovar eit klassisk show med klovneri, akrobatikk og dyredressur.