Yankee-glis skal prege Svelgen

Artikkelen er over 15 år gammel

SVELGEN: Det er ifølgje arrangøren høgkultur på sitt beste som blir presentert i Svelgen denne helga. For den som ikkje var klar over det, så er det amcar-treffet i Svelgen som dei ti siste åra har trekt flest folk til bygda i løpet av sommaren.

DEL

– Vi ventar om lag 150 bilar denne gongen, seier Tor Helge Ulvmoen i Svelgen AmCar klubb. Over hundre bilar har i snitt kome på besøk dei ti føregåande åra det har vore treff i Svelgen.

Industribygda Svelgen er saman med Høyanger einaste bygda i Sogn og Fjordane som har amcar-klubb å vise til. Miljøet i Svelgen har også vist seg levedyktig, sjølv dei har merka at mange har flytta frå bygda. I dag har dei om lag 20 aktive medlemmer. I forfjor fekk dei seg klubbhus i Breivika der dei har faste treff kva veke.

– Amcar er ein livsstil, og vi som brenn for amerikanske bilar treffest kvar tysdag, seier Ulvmoen. Desse kveldane skrur dei på bil og har det kjekt i lag. No har dei jobba intenst med å få helgeprogrammet på plass til treffet i Svelgen sentrum ved båthamna. Treffet startar fredag og varer til søndag.

Ikkje rølp

Arrangøren har lagt opp til at det skal bli eit familiearrangement, der fyll og rølp ikkje skal overskygge bilane og kosen.

– Vi vil at det skal vere plass for barn i tillegg til vaksne, og alle skal få det kjekt, seier Ulvmoen. Klovnen Oskar blir mellom anna å sjå på treffområdet heile laurdagen. Men eit amcar-treff er ingenting utan høgoktan og svidd gummi. Også bilane som trivst utanfor vegen skal få vist seg i sitt rette element. Laurdagen blir det lagt til rette for at dei med firehjulstrekte bilar skal kunne prøve grensene til bilen i Kupa.

Offroad

– Dette blir eit show med firhjulstrekkaren i sitt eige element, seier Ulvmoen. Showet har tradisjonelt sett trekt mykje publikum. Seinare på laurdagen blir det motorshow der ein bil skal tynast til det siste.

– Det er lagt inn nokre stilige effektar i bilen, og publikum vil nok bli overraska, seier Ulvmoen. Han må likevel vedgå at det handlar om motorsprenging. I tillegg til sprengte motorar skal dei lage til "burnouts" og "minidrag" på eit lukka område for dei med nok av hestar under panseret. Kvelden blir avrunda med dans av Gjøvikbandet "Nighthawks" på Samfunnshuset. Søndagen er det bilutstilling der bilane blir vaska og polert og vist frå si beste side. .

– Eg vil spesielt oppfordre folk frå Florø og omland om å ta med bilen sin og vise den fram i Svelgen denne helga. Det er nok av vakre bilar som treng å komme ut og bli vist fram, avsluttar Ulvmoen.

Artikkeltags