Gå til sidens hovedinnhold

Vinn sirkus- billettar

Artikkelen er over 13 år gammel

Firdaposten har ei heil blokk med billettar til Cirkus Agora i Florø og Svelgen, i tillegg til billettar for fire personar i eigen losje, som vi vil dele ut til lesarane.

Søndag 4. mai og måndag 5. mai er Cirkus Agora i Florø, og tysdag 6. mai kjem sirkuset til Svelgen.

Firdaposten har mange fribillettar som vi ønskjer å dele ut til våre abonnentar.

Send e-post

Alt du treng å gjere er å sende ein e-post til hit , der du skriv namn, adresse og abonnentnr./kundenr. ditt. For å vinne må du ha med alle desse opplysningane.

Du kan også skrive kor mange billettar du ønskjer deg, og kven du vil ta med deg på sirkus og kvifor, og kanskje vert ønsket oppfylt!

Innan onsdag

For å vere med i konkurransen må du ha sendt e-post innan onsdag 30. april klokka 12.

Vinnarane må hente billettane i arbeidstida onsdag eller fredag 2. mai.