Truls har laga verdas første Kjippen-dokumentar

    Ein minidokumentar om Kjippen 2018/2019, av Truls Kleiven for Firdaposten.

    FLORØ: Og det har han hatt lyst til i mange år.

    DEL

    Når ein tradisjon rekk å runde hundre år og vel så det, skulle ein tru at nokon hadde komme på tanken å dokumentere den? Eller er Kjippen i heile sitt vesen så tvers gjennom anarkistisk og vill at det ikkje er mogleg å fange inn essensen og vise den fram?

    No har Truls Kleiven på vegner av Firdaposten laga ein dokumentar om ein vennegjeng som gjennom mange år har bygd doningar til Kjippen. 

    Mini-dokumentaren kan du som er abonnent sjå her på firdaposten.no frå klokka 11.30 fredag.

    Hadde ein draum

    – Eg har drøymt om å gjere dette i mange år, nettopp fordi det ikkje er nokon som har gjort det før. Og når mi eiga lokalavis Firdaposten no satsar meir på levande bilder, så passa dette perferkt for oss begge, vedgår Truls Kleiven.

    I mange år har han tatt bilder og video i Kjippen. Eigentleg ser han godt kvifor sjølve bygginga aldri har vore festa på film før. For dette er eit miljø som er omgitt av den största möjliga tystnad opp mot nyttårsaftan. Ei doning som skal berast gjennom gatene på nyttårsafta skal helst vere uberørt av nysgjerrige blikk før den tid. Ingen vil avsløre kva dei bygger, kva for ramsalte kommentarar dei har på lager, kva hendingar blir elta, tygde og spytta ut i Kjippen dette året.

    – Eg er gammal doningbyggar sjølv, så eg veit at ting er veldig hemmelege fram til Kjippen går, smiler Truls, som var på sitt mest aktive frå midten av 80-talet til midt på 90-talet.

    Gjengen vi møter i Truls' dokumentar, hadde han allereie fotografert i mange år – tidlegare fekk han allernådigst lov å ta eit bilde kvelden før. I 2018, i det som allereie ligg bak oss som "ifjor", fekk han omsider fullt innpass og brukte romjula på å følge doningskonstruktørane.

    – Eg har gjort mykje på Kjippen opp gjennom, men ikkje noko slikt som dette, i forkant av nyttårsafta. Alt er hemmeleg; kven som byggar kvar og når. Men denne gjengen kjende eg og fekk lov å dokumentere heile prosessen.

    Det er akkurat det som har vore målet for Truls: Å fryse eit tidsbilde frå 2018, vise fram heile prosessen med å bygge doning, slik at det er dokumentert for ettertida.

    – Skal ein lage dokumentar må ein ha ei god historie, og få historier her i byen er betre enn Kjippen!

    Eit tidsbilde

    Men det er ikkje til å komme frå at talet på doningar dei siste åra har svinga kraftig. Det er ikkje lenger så mange som stiller seg opp aller lengst vest i Strandata nyttårsafta med ein bodskap. Dei fleste nøyer seg med å komponere eit kostyme som meir eller mindre fungerer i sidelengs regn og seks-sju varmegrader. Difor er håpet at den vesle dokumentaren også skal bidra til rekruttering. Og gjengen Truls har filma er innforstått med at dei kjem til å bli doningbyggarane sitt ansikt i mange år framover.

    – Gruppa er også opptekne å få til rekruttering. Dei har ikkje noko ønskje om å framheve seg sjølv, og har ikkje villa vore med tidlegare år, fordi dei gjerne ville ha fram nye og andre. Men dette er ein stolt tradisjon som vi alle ønskjer å vise fram, og det aller beste hadde vore om vi nådde fram til nye og yngre grupper, seier Truls håpefullt.

    Og det er ingen tvil om at bygningsgjengen har det moro. Kanskje også gamle doningbyggarar får inspirasjon til å vere med og løfte 2019-Kjippen til gamle høgder, saman med den nye generasjonen?

    – Ingenting hadde gledd meg meir enn det, ler Truls.

    I mini-dokumentaren følger Truls gjengen som stod bak to store doningar i årets Kjippen, vêrhanen og rådhuset.

    Artikkeltags