Veslebror mot storebror

Kinn Bryggeri og Espen Lothe er i finalen i prestisjekampen Bryggeribråk. Der møter dei Ringnes Bryggeri, og om dei vinn, må Ringnes sette eit hyllingsbrygg til veslebroren i vest. - Det kan bli artig, dei har ein minimumskapasitet på sånn cirka 40.000 liter, seier Espent Lothe.

Kinn Bryggeri og Espen Lothe er i finalen i prestisjekampen Bryggeribråk. Der møter dei Ringnes Bryggeri, og om dei vinn, må Ringnes sette eit hyllingsbrygg til veslebroren i vest. - Det kan bli artig, dei har ein minimumskapasitet på sånn cirka 40.000 liter, seier Espent Lothe. Foto:

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

- Og taparen må lage eit hyllingsbrygg.

DEL

Bryggeribråk er ein ærefull kamp om å bli det bryggeriet i Norge som er best til å setje øl til mat. Det går enkelt føre seg i form av duellar - trerettars middagar på Håndverkerstuene i Oslo, sju måndagar i løpet av våren og sommaren: To bryggeri set tre øl til tre rettar og vinnaren går vidare til neste omgang. Etter å ha slege ut Haandbryggeriet måndag denne veka, er Kinn Bryggeri no klare for finalen, som går 22. september. Og der møter dei ein av gigantane i bransjen: Ringnes.

- Dette blir ikkje lett, Ringnes stiller med øl- og matbokforfattar Sigrid Strætkvern, og ho kan sine saker, seier Espen Lothe på Facebook-sida til bryggeriet. Det som ligg i potten for vinnaren av Bryggeribråket, er hovudsakleg heider og ære, pluss litt til:

- Taparen av finalen må lage eit hyllingsbrygg til vinnaren. Og Ringnes sin minimumskapasitet er på sånn cirka 40.000 liter, så dette kan bli veldig artig, skriv Lothe.

Artikkeltags