Vesle Kinn er blitt store på kultur

Ann-Magritt Banne og Eirik Villand veit godt kva veg dei ønskjer at den vesle ølkafeen skal utvikle seg. – Om folk tenker at dei ikkje kan gå glipp av det som skjer på Vesle Kinn, då er vi i grunnen glade!

Ann-Magritt Banne og Eirik Villand veit godt kva veg dei ønskjer at den vesle ølkafeen skal utvikle seg. – Om folk tenker at dei ikkje kan gå glipp av det som skjer på Vesle Kinn, då er vi i grunnen glade! Foto:

FLORØ: Vesle Kinn har blitt ein vesentleg kulturscene i byen. Denne våren kan du vente deg alt frå tango og hiphop til quiz.

DEL


I juni for halvtanna år sidan opna Vesle Kinn i Strandgata - ein liten ølkafé som skulle ta over for dei ofte svært godt besøkte pubkveldane som blei arrangerte på bryggeriet i Botnastranda.

– Vi vil vere kvalitetsfokuserte, slik vi er i alt, sa sjefsbryggar Espen Lothe til Firdaposten den gongen.

Frå Lille Marked kom Eirik Villand med akkurat det same kvalitetsfokuset i ryggsekken, og saman med Ann-Magritt Banne, marknadsjef i Kinn Bryggeri, har dei ettertrykkeleg plassert den vesle utestaden på kulturscena i Florø. Denne våren vil ein finne alt frå hiphopkonsertar til tips frå Yst og Tyst om korleis kombinere ost og øl - og sjølvsagt dei svært populære onsdagsquizane.

– Var det tanken å gjere slike ting då de opna?

– Ja, men då tenkte vi nok mest at det ville vere relatert til drikkevarene vi sel. For den delen av drifta følte vi raskt at vi fann forma på - også tilbodet utanom øl, seier Banne.

I mai blir det til dømes «Sprudlefest» - då handlar det om alt som boblar deilig i munnen, frå øl til prosecco.

Men etterkvart har det blitt fleire årsaker enn dei flytande til at folk trivst i botnen av Trovikbakken.

Å utvide er noko vi har snakka om.

Ann-Magritt Banne, marknadssjef og partnar i Kinn Bryggeri

Denne veka presenterte ein lokal konstellasjon av musikarar eit repertoar av Django Reinhardt, om nokre få veker blir det tango, læraren og forfattaren Simon Malkenes skal bokbadast, det blir hiphop og filmkveld. Pluss, sjølvsagt, ulike ølsmakingar - kva seier du til dømes om kombinasjonen øl og ost? Det vil du sannsynlegvis få høve til å gjere deg opp ei mening om denne våren.

Siste onsdagen i januar skal Florø Bys Vel innta staden og vende ålmenta si merksemd mot bygginga av nytt rådhus.

– Og då må vi jo smette inn eit spørsmål om kva ei rådhusutbygging vil få å seie for dykk?

– Å utvide er noko vi har snakka om, og vi må sjølvsagt sjå på kva som kan bli mogleg for oss ved ei utbygging. På det jamne er lokalet stort nok - det må ikkje bli for stort, for vi vil ta vare på den intime atmosfæren. Men det kan vere at ei utbygging opnar nye moglegheiter for oss, seier Banne.

Banne seier dei er heldige når det gjeld tilfang av interessante artistar eller aktivitetar.

– No har vi nett blitt kontakta av nokre svært unge som gjerne vil at ein hiphopartist skal få prøve seg hos oss. Han er ein up and coming artist som sannsynlegvis vil bli å høyre i slutten av neste månad, fortel Banne nøgd, og legg til at det ofte er slik det går føre seg - nokon kjenner nokon. Men kven som helst kan får ikkje tilgong til Vesle Kinn sitt publikum.

– Når vi får ei henvending må vi sjå på det vi veit om vedkommande og sjå det han eller ho gjer passar inn hos oss, strekar Banne under, og fortel at dei har sagt nei.

Ved eit par storhelgar i byen har det vore benkar og bord å finne i den lune bakgården. Det vil ikkje bli nokon hyppig luksus, for bakgårdsgjestene må gjennom pauserommet til dei tilsette for å komme dit.

Gågate hadde betydd mykje for oss. Då kunne vi hatt stolar og bord på fortauet sommarstid.

– Det var einaste plassen det var råd å bygge pauserom med naturleg dagslys, som Arbeidstilsynet kravde.

Dermed ønskjer Banne seg gågate i Florø i helgene.

– Det hadde betydd mykje for oss. Då kunne vi hatt stolar og bord ute på fortauet når vêret tillet det.

Når du kjem inn i lokalet og ser deg rundt, er ikkje dans og dansegolv det som slår deg først. Men eit laurdagsyrt publikum har likevel greidd å rydde seg rom ved eit par høve. No hender det at det dukkar opp ein dj som skal kitle akkurat den impulsen ytterlegare.

– Det er ofte på slike plassar det er kjekt å danse; små barar der det skjer fordi folk berre får lyst å danse. Vesle Kinn vil aldri bli ein nattklubb, men vi synest det er kjekt om vi gir folk lyst å danse, smiler Banne.

Det er ikkje tvil om at det er folk på eigarane sin alder - altså førti pluss - og oppover, som først og fremst finn fram til puben. Den som var innom Kinn sine bryggeripub-arrangement på sjølve bryggeriet i Botnastranda, vil vite at alderssnittet var høgt - og at ein kanskje der fann eit publikum som ikkje finn seg til rette i byens uteliv.

– Eg trur nok at ein stor del av dei som gjekk på bryggeripub har vore innom. Men nokre har nok også dotte av fordi dei synest det blir for høgt og for "mykje" på Vesle Kinn i høve bryggeripuben. Planen vår er å vere ein stad der alle finn seg til rette. Og dei som kjem for å høyre filmmusikk spelt live, eller sjå eit bokbad, det er ikkje folk som går ut vanlegvis, seier Banne.

Ho presiserer at dei ønskjer å famne breitt, både når det gjeld aldersgrupper og tilbod.

– Om folk tenker at dei ikkje kan gå glipp av det som skjer på Vesle Kinn - atmosfæren og stemninga - då er vi i grunnen glade!


Artikkeltags