Gå til sidens hovedinnhold

Verdspremiere i Kalvåg

Artikkelen er over 11 år gammel

Neste helg er det duka for eksklusiv filmpremiere på Liebe am Fjord-filmane «Sommersturm» og «Gesang des Windes» i Kalvåg samfunnshus.

Dei to filmane vart spelte inn i Bremanger nokre hektiske sommarmånader i fjor. Liebe am Fjord er den største utanlandske fjernsynssatsinga i Norge nokosinne.

Filmane får premiere på tysk fjernsyn - ARD Das Erste - i beste sendetid 9. og 23. april.

Men før det kjem filmregissør Matthias Tiefenbacher og produsent Hartmut Damberg tilbake for å gje oss ein eksklusiv førpremiere.

– Alle som har hatt ei rolle i filmane og ei rekkje andre personar er spesielt inviterte til premieren, men også bygdefolk elles er velkomne til filmframsyningane, seier dagleg leiar Sigmund Elias Holm i Western Norway Film Commission.