Gå til sidens hovedinnhold

Vellukka treff for amcar-frelste

Artikkelen er over 18 år gammel

Sjølv om værgudane ikkje spelte på lag med Svelgen am-car club i byrjinga av helga, har eksosen låge tjukt over bygda under Svelgentreffet 2003. Over 80 amerikanske bilar av forskjellige stø rrelsar og årgangar har campa i Svelgen denne helga.

Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.

I ausande regnvær møtte det opp heile tredve bilar allereie fredags kveld. Dette er meir enn det som kom første dagen i fjor, fortel Kristin Solberg. Ho har sete i sekreteriatet, og har full kontroll på bilane som har møtt opp. Utover laurdagen slo skydekket sprekker, og det vart etterkvart eit fint vær å vise frem køyretøya på.

Tradisjonar

Det er ein del tradisjonar ein ikkje kan endre på når det gjeld amcar-treffet i Svelgen. Bilkøyring i kupa, der både bil og sjåfør får bryne seg på andre ting en flat asfalt, er ein av desse. I tillegg kan ein verte nervøs berre av å sjå på korleis doningane tek seg frem i eit mildt sagt ulendt terreng. Kvart år stiller klubben også med eit par bilar, som vert køyrd til motoren sprenger. I år var temaet dalmatinere, og bilane var måla kvit med svarte prikkar. Sjåførane, Morten Gulestø og Christian Gullhaugen, kunne ikkje vere dårlegare, og stilte i køyredress i same farge.

Elvis

Musikk høyre heime på ei slik helg, og det mangla det ikkje i Svelgen. På laurdag på dagtid, spelte Måløy sin Elvis på trailerscena som var plassert på campingplassen. Han var også på treffet i fjor, og har i mellomtida opptrått på tv. I tillegg til slåande likheit med ”kongen”, har han også den djupe stemmen som fenga publikum. Til kvelden var det bergensgruppa ”Rough ride” som sørga for dansemusikk på samfunnshuset, og her var det solgt i overkant av to hundre billettar.

– Vi hadde ingen problem med våre deltakarar, og på campingen var det roleg begge nettene, seier Solberg.

Cruising

Sundag vart treffet avslutta med premieutdeling i ulike klassar, og til slutt cruising, der bilane køyrer i kolonne rundt i Svelgen for å vise seg frem. Sjølv om dei fleste bilane reiste etter premieutdelinga, var det likevel heile 30 blankpussa firhjulingar som brumma rundt i bygda denne fredelige ettermiddagen. Med det kan amcar-klubben sjå seg nøgde med nok eit vellukka Svelgentreff, og kan motiverte setje seg ned og planlegge neste års treff.