Banken betalar beaten

Frank Robert Klakegg blir ny festivalsjef for Våt Moro og  Sparebanken Sogn og Fjordane, her ved Ole Aukland, har gitt 65.000 kroner til konsert med Ary.

Frank Robert Klakegg blir ny festivalsjef for Våt Moro og Sparebanken Sogn og Fjordane, her ved Ole Aukland, har gitt 65.000 kroner til konsert med Ary. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Endeleg er både sjef og artist klare for Våt Moro.

DEL

Våt moroSist Firdaposten skreiv om Våt Moro, poengterte journalisten at det nærma seg april, medan festivalen stod utan sjef. Det uroa ikkje Frank Robert Klakegg, og det var ikkje så rart, viser det seg - for han tek på seg jobben sjølv. Men med to protesjear som skal lærast opp:

Sjefar under opplæring

– Vi fekk inn gode kandidatar då vi lyste ut stillinga. Difor tek eg med meg to av dei gjennom perioden i forkant av festivalen og gir dei eigne ansvarsområde. Det gjer dei til endå betre kandidatar vidare, sler Klakegg, som har vore styreleiar sidan starten, fast.

Dei to som skal vere sidekick for Klakegg gjennom planlegginga av festivalen er unge, og det er viktig for festivalen, meiner han.

– Deira nettverk og alderstrinn er viktig for oss. Det er dei yngre generasjonane som skal ta over!

Banken betalar

I år er også Sparebanken Sogn og Fjordane tyngre inne enn vanleg. Dei har vore sponsor sidan starten, men i år går dei også inn og tek rekninga for årets artist, nemlig Ary. Såg du på serien «Nobel» har du allereie høyrt henne - det var ho som hadde vignettmusikken.

– Då Våt Moro fekk Sondre Justad hit i fjor, tok dei heile rekninga sjølve. No slepp dei det, og vi håpar dei får eit overskot og ei friare rolle økonomisk, seier banksjef Ole Aukland.

– Det er det nok fleire festivalar som kunne ønskje seg. Kvifor har de valt ut Våt Moro?

– Dette handlar om barn og unge og ein viser fram eit mangfald av aktivitetar knytte til natur og sjø. Det håpar vi kan gjere unge stolte av byen sin og kanskje bidra til at dei flyttar heim når dei er ferdige med utdanninga si, svarar Aukland.

Festivalsjef Klakegg seier festivalen blir som den har vore: Med fokus på aktivitetar for barn og unge og eit vell av moglegheiter for å prøve ut ulike aktivitetar.

– No tilbyr vi nesten alt som fins innanfor natur- og hav-aktivitetar, så vi har fokus på å sikre god kvalitet på det vi har, heller enn å tenke utviding. Beachvolleyball på Jens Helmers Plass, barnepark i Byparken, massevis av action på Florøvika - alt blir som vi har vant oss til. Og altså Ary på scenen i festivaltetet torsdagskvelden.

Artikkeltags