Det er 40 år sidan den spede starten - neste helg feirar Vevringutstillinga jubileet

F.v. Sarah J. Rittenhouse Thingnes frå Vevring, kunstnar Jane Balsgaard og Gerd Thingnes, også frå Vevring. Desse tre var sentrale under den aller første utstillinga i 1979.

F.v. Sarah J. Rittenhouse Thingnes frå Vevring, kunstnar Jane Balsgaard og Gerd Thingnes, også frå Vevring. Desse tre var sentrale under den aller første utstillinga i 1979. Foto:

KULTUR: Og sjølv om mykje er ved det gamle, har utstillinga på ingen måte stivna .

DEL

I alt frå bygdas skule til gamle fjøs blir det vist fram kunst. Heile 24 kunstnarar frå inn- og utland skal stille ut arbeida sine neste helg, 20.–22. september.

Ein levande kunstarena

Sidan 1979 har Vevring brukt ei septemberhelg på omskape seg sjølv til ein sprell levande kunstarena. Det var kvinner i bygda som fekk i gang den etter kvart så tradisjonsrike utstillinga, og til 40-årsjubileet kjem faktisk fire kunstnarar som deltok aller første gongen gymsalen i Vevring skule blei fylt med kunst. Dei fire er Jane Balsgaard, Anne Bjørn, Annette Holdensen og Britt Smelvær. Alle fire stilte ut billedkunst den gongen – no når dei er tilbake på jubileumsutstillinga kjem dei med ulike uttrykk. Sju av dei 24 kunstnarane kjem frå Sogn og Fjordane.

Det skal også urframførast eit verk som mellom anna inneheld lydar frå den frodige naturen i Vevring. Heidi Torsvik og Winter Lazerus har brukt opphald i bygda til å skrive deler av verket – som treffande nok ber namnet «Hidden Solulf of the Fjords».

Kommande generasjonars kunstoppleving får også meir fokus i år – ungar kan delta på ein drop-in kunstverkstad, rett nok i følge med vaksne. Det er keramikar Rena Noordermeer og smykkekunstnar Laust Balsgaard som tek ungane med inn i kunstens verd.

Dugnadscamp og fest

Vevringutstilinga ville ikkje ha vore noko utan den store dugnadsinnsatsen som blir lagd ned av bygdefolk og tilreisande frå heile Skandinavia. Mange kjem tilbake år etter år og i år blir dei tilreisande innlosjerte i ein dugnadscamp like ved skulen.

40-årsdagen kjem med ei forventning om feiring for dei aller fleste, og det tek Vevringutstillinga på alvor. Det blir både performance og austeuropeiske klezmerrytmar på Myraløa, og det vidgjetne festbordet med lokale råvarer blir dekka for festlyden. Goylem Spaze Klezmer heiter bandet som spelar opp, i tillegg til at dj_grovi bidreg til stemninga. Performancen er det Vilde Jensen Hjetland og Marita Vangen Bratteteig som står for.

Artikkeltags