Ungdommane skreiv blues om leksekøyret, Good Time Charlie tonesette den. Her ser du resultatet.

    Foto/redigering: David E. Antonsen

    FLORØ: Låtskriving har vore ein lærerik del av norskpensum på ungdomsskulen i haust.

    DEL

    Bluesbandet Good Time Charlie er tilbake i Florø. Denne gongen som ein del av eit prosjekt kalla Kulturtanken: Good Time Charlie – «Frå New Orleans til Vestlandet». Prosjektet handlar om å integrere låtskriving i norskundervisninga på ungdomstrinnet.

    – Det er nok mange som ser på det å skrive låtar som ein stor terskel å krysse. Men det er ikkje så vanskeleg som ein kanskje trur. Det er dette vi ønsker å vise ungdommane. For dei fleste unge i dag skriv jamt og trutt – kanskje meir enn vi gjorde då vi var unge – til dømes ved tekstmeldingar og i chat, seier vokalist Arle Hjelmeland i Good Time Charlie.

    I norsktimen har elevane sjølv fått prøve seg på låtskriving. Resultatet imponerer Hjelmeland.

    – Elevane har laga gode tekstar. Det er veldig inspirerande for oss og, for det er bra poeng i tekstane, seier han.

    Desse tekstane har Good Time Charlie sett toner til. Og torsdag var det urpremiere på 9C og 9D ved Flora ungdomsskule sin song «leksefri».

    – Sangen handlar om at vi ikkje vil ha så mykje lekse, fordi det tar så mykje av fritida vår. Det er veldig mange som blir ganske deprimerte, fordi dei kjem heim etter ein lang dag på skulen og må gjere leksene, og gjer du ikkje dei blir det berre mykje styr, seier Steffen Langedal (14), ein av dei som har vore med og laga songen.

    Artikkeltags