Urpremiere på Husabø-symfoni

SYMFONI: Eirik Molnes Husabø sin symfoni vert framført laurdag og søndag.

SYMFONI: Eirik Molnes Husabø sin symfoni vert framført laurdag og søndag. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

I helga vert det festkonsertar på Flora samfunnshus.

DEL

I samband med Florø sitt 150-årsjubileum byr Sogn og Fjordane symfoniorkester (SOFORK) på festkonsertar i Flora samfunnshus denne helga.

Her får ein oppleve symfonisk musikk av både Håvard Lothe og Eirik Molnes Husabø.

Under konsertane i helga får ein oppleve tre kjende Lothe- låtar i nye arrangement saman med SOFORK.

Eirik Molnes Husabø debuterer i helga som komponist for symfoniorkester i bestillingsverket Poem 150, sjølvaste jubileumssymfonien.

Elles blir det musikk frå tida når Florø var ung og fram til i dag. Det vert norske hovudverk som Griegs a-moll konsert, Sæverud sin kjempeviseslått og I einsomme stunde av Ole Bull.

Artikkeltags