UKM i Svelgen

Sondre Henden (akustisk gitar) og Sverre Sandvik (akustisk gitar). Dei kom vidare til fylkesmønstringa med den morosame akustiske songen Drifting.

Sondre Henden (akustisk gitar) og Sverre Sandvik (akustisk gitar). Dei kom vidare til fylkesmønstringa med den morosame akustiske songen Drifting. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

I helga var det 52 som deltok i Undommens Kulturmønstring på Svelgen samfunnshus.

DEL

I salen sat foreldre, tanter og onkler, søsken og besteforeldre spente og fulgte med på kulturmønstringa. Det var stor variasjon i innslaga, alt frå fotografi, noveller, song til akustisk gitarspel med meir.

Månge av ungdommane deltok både med eigne kunstverk, og som artistar på scena. Det var 17 innslag på scena, med Isabella Grindheim som konfransier.

Dei som gjekk vidare til fylkesmønstringa på Eid den 1-3 april var:

- Los Gaitos con Botas med den akustiske melodien Drifting, med Sondre Henden og Sverre sandvik på akustisk gitar.

- Halvor Nesbakk med songen Stay on these roads av Aha.

- Iver, Jim, Håvard og Dorte BAND med Ta meg med, av Olav Stedje.

- Benjamin Sagebø med trommesoloen Hurlumheisannsaho.

- Bendik og Co med songen Cigarette. Anders Midtbø, Bendik Klungresæter, Eivind Holmsøy, Jørgen Haugland og Sverre Sandvik.

- Kivija Chicks med arabisk dans Jai Ho. Dansegruppa bestod av Amalie Varpe, Ida Sundsøy, Inger Nesbakk, Julie Førde, Kine Sundsøy, Vilde Nesbakk.

Artikkeltags