Trur på innandørsrekord

Kaizers spelte også konsert i Florø i 2012.

Kaizers spelte også konsert i Florø i 2012. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

- Vi trur på fullt hus med ca 2500 publikummarar under Kaizers Orchestra-konserten i Florø.

DEL

Laurdag 13. april kan vere siste gong du får oppleve ein storslagen innandørs arenakonsert med Kaizers Orchestra i fylket på mange år.

- Florø Idrettssenter er staden for det som truleg blir den største innandørskonserten i Sogn og Fjordane nokon gong, trur Per Øyvind Helle.

Kaizers Orchestra har opparbeidd seg ein unik posisjon som Norges største rockeband.

- Vi er særs glade for at vi står på turnèlista deira når dei no er inne i sitt siste år før dei tek pause på ubestemt tid. Kaizers er magi. Suggesjon. Gassmaske. Maestro. Hjerteknuser. Ompa til du dør. Violeta x 3. Ein Kaizerskonsert er ei unik oppleving, reklamerer Helle.

Førehandssalet går særs godt, og Helle trur på fullt hus med ca 2500 publikummarar, i så fall rekord på innandørskonsert i fylket.

Oppvarming med DJ Ralph Myerz

Oppvarmingsartisten til Kaizers-konserten er ingen ringare enn Ralph Myerz – ein av Norges mest anerkjente musikarar.

Myerz er kjent frå Ralph Myerz & The Jack Herren Band. Han har selt kring ein halv million plater, og på den nye soloplata ”Super Sonic Pulse” som kjem ut i år, har han med prominente gjestar som Snoop Dogg, Diana Ross og Da Youngfellaz.

Myerz har også bidratt med musikk til TV-seriar og spel som m.a C.S.I, Six Feet Under, FIFA og Grand Theft Auto.

- Legg du til at han har eigen label, Disco Pinata Records, at han lansert 3 raudvinar og er opphavet til konseptet ”Vin og Vinyl”, ja, då skjønner du at vi har med ei aktiv sjel å gjere, seier Helle.

Som DJ speler han musikk som både hjartet og føtene vil setje pris på.

- Forvent ein musikalsk paella iblanda alt frå den finaste 60-talsmusikk til meir moderne musikk frå hans siste prosjekt. Dette blir ei perfekt oppvarming til Kaizers-konserten!, seier han.

Med i Kulturkort-ordninga

Arrangementet er med i Kulturkortordninga for ungdom, i regi av Sogn og Fjordane fylkeskommune.

- Vi har 400 billettar vi får lov til å selje med Kulturkort-rabatten. Slik interessa er, vil nok desse billettane bli utselt lenge før konsertdagen, trur Helle.

Det er ingen aldergrense på konserten, men ungdom under 18 år må ha følgje med edru person over 18.

Det blir sett opp nattbuss etter konserten frå Florø til Førde.

Artikkeltags