Gå til sidens hovedinnhold

Tore (16) UKM-debuterte på tuba

Artikkelen er over 9 år gammel

Laurdag deltok Tore person Sande (16) på UKM for første gong, og imponerte publikum med sin versjon av Superstar frå musikalen Jesus Christ Superstar på tuba.

Saman med kameraten sin Eirik Ask på trommer, klassevenninna Vilde Kjelkenes på bass og Jarle Grotle på piano, var han sistemann på scena under artistnamnet Tu bi, Tu ba. Før han entra scena testa vi konsertnervane, men Tore var ikkje spesielt nervøs.

– Nei, dette er berre spennande, det er kjekt å endeleg vere med på ungdommens kulturmønstring.

Det å vere på scena og spele for publikum er ikkje noko nytt for Tore, han har vore musikar sidan han var ganske liten, og er aktiv på mange felt. Det begynte med leikeinstrument i barnehagealder, seinare vart det blokkfløyte i kulturskulen og aspirantopplæring i Svelgen Skulemusikk, der han via kornett, althorn og S-tuba, enda opp på B-tuba, som, bokstaveleg talt og musikalsk, er blitt det store instrumentet for Tore.

Halvor & co gjekk gjennom nålauget til juryen med låten ”Dreamer” av Ozzi Osborne. Med seg til fylkesfinalen på Eid i april får dei følgje også av fire andre sceneinnslag; Nora Klungresæter med «Kjempeviseslåtten» på flygel, Håvard Grotle Røys med «Gjev meg handa di, ven» på vokal og song, Nora-band med «Set fire to the rain» av Adele og Magnus Myrhol på vokal og gitar med sin eigen sjølvskrivne song «Home». I tillegg plukka juryen ut fem arbeid frå kunstutstillinga; Matias Skjølberg går til fylkesfinalen både med akvarellen «Biestorm» og tusjteikninga «Sjølvportrett Matias», Mari Førde Lindvik med foto «Haustregn», Mina Susanne Kjerpeset med måleriet «Ei god natt» og Helene Midtbø Bjørkedal med foto «Ut mot havet».