Tok musikken til folket

Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Kulturskulen tok med eit knippe elevar og instrumentar for å skape liv i sentrum.

DEL

Gjennom fire dagar skal kulturskulen i Flora markere sitt 25-års jubileum, og har i den anledning fleire hendingar med fokus på musikk og kunst i Florø. Ansvarleg for arbeidet med jubileumet var Torgeir Halvorsen, som jobbar som inspektør og har ansvaret for konsertproduksjon. Fredag fekk fleire ungdomsmusikarar leia av musikklærar Eilif Vårdal og Flora Storband vise seg fram fredag kveld, og laurdag var det opning av kunstustilling i Samfunnshuset og fleire konsertar med utvalde elevar i sentrum.

Intiativtakarar til konsertane i sentrum var musikklærarane Geir Åge Hovland, Inge Reksten, Kiril Milchev og Leszek Michalski. Med på hendingane var Arne Sunnarvik, rektor for Flora kulturskule.

- Vi gjer dette først og fremst for å markere jubileumet, men og for å vise fram kva elevane og lærarane kan. Det er mange ulike eigenskapar og kunnskap dei sit inne med, og mange gode elevar, sa ein tydeleg nøgd Sunnarvik laurdag.

Det var eit variert program som vart synt fram i sentrum. Instrumenta gjekk frå trekkspel, til fiolin, gitar, song og saksofon. Mange tok seg tid til å stoppe opp og høyre kva dei musikkinteresserte ungdomane nyttar tida si til.

Imponert av elevane

Utanfor Spar i sentrum møtte ein først tre saksofonistar leia av musikklærar Leszek MIchalski. Under framføringa trampa Sunnarvik takta.

- No byrjar dei verkeleg å få dreisen på det. Dei vaksne saksofonistane bør kjenne på at det er mange unge der ute med talent. Ingen er trygge no, ler han medan folk klappar etter endt framsyning.

Vert motivert av gleda

Også kunstlærar Georgeta Onofrei var nøgd med elevane sine. Programmet laurdag byrja med kunstutstilling Samfunnshuset. Georgeta er hovudlærar for kunstelevane og har hatt oversyn med arbeidet med dei vel 90 kunstverka som heng utstild i Gallerigangen. Til saman er det 60 elevar som står bak dei ulike bileta, og det var eit mangfald av motiv å kvile auga på.

- Vi prøver å variere det elevane driv med, så i dag har vi med måleri, teikningar og kollasj, seier ho.

Georgeta har jobba i kulturskulen sidan 2006.

- Det er utruleg motiverande å sjå kva dei får til og kor glade dei blir når dei får vise fram det dei har laga. Det er verkeleg ein kjekk jobb å ha, seier ho.

Siste markering av jubileumet er søndag kveld då Florø Hornmusikk og Fryd speler opp til konsert leia av dirigent Torgeir Halvorsen og Kristin Skau i Florø kirke.

Artikkeltags