SOFT byr på overdådig Shakespeare du ikkje har sett nokon andre stader

Frå framsyninga.

Frå framsyninga. Foto:

Kostymedesignar Ellan Parry kjem frå Shakespeare sitt eige teater for å jobbe med Translyria på Sogn og Fjordane Teater.

DEL

Regissør Frode Gjerløw har turnert verda rundt med framsyningane sine. På Sogn og Fjordane Teater har han produsert eit storslått kostymedrama med Shakespeare sine tekstar i ei ny drakt: Translyria. Med seg på laget har han kostymedesignar Ellan Parry frå Shakespeare sitt eige teater: Globe Theatre i London.  Gjerløw har valt å fokusere på temaet kjønn i denne framsyninga.

 – Akkurat no ser eg store endringar i korleis folk forheld seg til kjønn. Folk flest er blitt veldig opne og bevisste på korleis kjønn påverkar oss alle, på godt og vondt, meiner Gjerløw, og held fram:

– Slik var det også på Shakespeare si tid når Storbritannia var styrt av Elizabeth, ein kvinneleg monark som regjerte i 45 år. Teateret The Globe vart ein stad der kjønnsrollene vart snudde opp ned. Difor er eg interessert i korleis tekstane til Shakespeare kan skildre eit moderne menneske.

Inspirert av mote frå renessansen og ideen om at kjønn er performativt den dag i dag, har designar Ellan Parry skapt eit univers inspirert av kven vi er på utsida og kven vi er på innsida. Kostyma er drakta og kulissane er kroppen. Og spørsmåla regissør Gjerløw stiller seg er mange: Kva urett eksisterer framleis mellom menn og kvinner og andre kjønns identitetar i Norge? Korleis undertrykkjer vi kvarandre? Korleis brukar vi kjønn til å oppnå makt? Kva privilegium tek vi for gitt?

Det er 22 år sidan Shakespeare sist vart spelt på Sogn og Fjordane Teater, og teatersjef Bodil Kvamme har lenge ønska å sette den store dramatikaren på repertoaret. Regissør Frode Gjerløw vart utfordra på å sette saman eit utval av Shakespeare sine tekstar, og kvart einaste ord i framsyninga skulle vere Shakespeare sine eigne ord. For Gjerløw, på si side, var det viktig at utdraga hang saman som ei eiga historie. Med utgangspunkt i Edvard Hoem sine nydelege omsettingar til nynorsk, av mellom anna «Romeo og Julie», «Macbeth» og «Hamlet», vart det klipt og limt saman mange utdrag som vert presenterte som ei eiga forteljing: Translyria.

I Translyria møter vi tvillingane som er fødde som jenter, men den eine er gut. Familien klarer ikkje å sjå Sebastian for den han er, og han forlèt dei. Tvillingsøstera Viola er redd for at noko forferdeleg skal skje og reiser etter for å finne Sebastian. Ho vert skyld i land i Illyria, tvillingbroren si indre verd, der eit fatalt familiedrama utspelar seg. No er spørsmålet: Vil ho klare å finne broren før han bestemmer seg for å vere eller ikkje vere?

– Det er jo underhaldning vi lagar, så eg håpar jo at framsyninga skal by på både spenning, latter og tårer for alle som kjem og ser på, avsluttar Frode Gjerløw.

Framsyninga kjem til Florø 7. april.

Artikkeltags