Alvhild (101) si livshistorie har blitt ein del av teaterframsyninga «Eg er i går»

EG ER I GÅR: Frå venstre: Elin Pehrson Grytting, Arne Fossøy, Marit Østbye, Kyrre Eikås Ottersen, Annlaug Børsheim, Claus Sellevoll, Kjersti Marie Imerslund, Tollef Årdal,  Sarah Thingnes og Kolbjørn Bergset.

EG ER I GÅR: Frå venstre: Elin Pehrson Grytting, Arne Fossøy, Marit Østbye, Kyrre Eikås Ottersen, Annlaug Børsheim, Claus Sellevoll, Kjersti Marie Imerslund, Tollef Årdal, Sarah Thingnes og Kolbjørn Bergset. Foto:

Av

FØRDE: Neste helg har teaterstykket Eg er i går» premiere.

DEL

– Eg synest at eg er mykje åleine. Men eigentleg er eg vel ikkje det. Dei seier jo at her skal det vere folk heile tida, men for meg, når eg ikkje ser folk, så er det akkurat som eg ikkje kan tru at det er nokon her. Eg er jo ein umulius på den måten, då. Og sikkert på andre måtar og.

Det seier 101 år gamle Alvhild Stafsnes frå Florø. «Eg er i går» har urpremiere 27. oktober, og kjem til Flora samfunnshus 31. oktober. Manus er basert på intervju med Alvhild Stafsnes og elleve andre av fylkets seniorar i alderen frå nokre-og-sytti til meir enn hundre. Då dei var små budde dei på gardar som brødfødde dei. Så kom krigen, så kom kjærleiken, så kom ungar, arbeid, slit og glede. Så kom alderdommen. No strekkjer Sogn og Fjordane Teater ut handa til alle generasjonane som kjem etter desse tolv.

Ingen vanleg framsyning

Idé og manus til framsyninga er ved teatersjef og regissør Bodil Kvamme:

– «Eg er i går» er inga vanleg teaterframsyning, det er ingen forfattar som har dikta opp ei historie. Vi skal berre gjenfortelle historier fortalt av vanlege folk, om vanlege folk, som sjølvsagt er uvanlege for dei er jo som folk flest, temmeleg spesielle, fortel Kvamme.

Arbeidsmetoden er ikkje ny for Sogn og Fjordane Teater. Fleire framsyningar har vore laga på bakgrunn av intervju med verkelege personar. Men der intervjupersonane tidlegare har vore anonyme, står den eldre garden no fram med fullt namn. Dei kjem frå alle delar av Sogn og Fjordane, og representerer eit snitt av dei godt vaksne innbyggarane i fylket.

– Med oss på scena har vi fire skodespelarar som skal formidle historiene til dei 12 som har bidrege med sine historier, og som også bidreg med autentisk fotomateriale frå livet dei har levd, forklarar Kvamme. Det er skodespelar Marit Østbye som fortel historia til Alvhild Stafsnes.

(Artikkelen held fram under bildet.)

LIVSHISTORIE: Alvhild Stafsnes si livshistorie har blitt ein del aveit teaterstykke.

LIVSHISTORIE: Alvhild Stafsnes si livshistorie har blitt ein del aveit teaterstykke. Foto:

 

Seniorglade dansarar

«Eg er i går» har også med seg 14 danseglade seniorar, som skal ut på turné med Sogn og Fjordane Teater. Dansarane er delt inn etter region, Sunnfjord, Nordfjord og Sogn, og det er 5–6 dansarar med i kvar region. På scena skal vi få sjå dei danse både reinlendar, tango og moderne dans.

– Eg har dansa sidan eg var ung gut, så eg kjenner mange av dansane frå før. Det er litt som å sykle, det ligg i kroppen, seier 76-åringen Tollef Årdal frå Skei.

Han får støtte av Sarah Thingnes (81) frå Vevring: 

– Det er så kjekt å danse! Eg elskar det! Eg vaks jo opp i New York, i stordomstida. Det var jazz og musikk overalt. Så dans har eg alltid halde på med, fortel Sarah engasjert.

Før premieren

Før premieren er det mykje som skal på plass:

– Ja, det er jo ikkje berre trinna vi skal hugse, veit du. Det er jo ei samansetjing av alt. Kor tid skal vi vere der og der, og kor tid skal ein gjere slik og sånn. Det er krevjande, men veldig kjekt å halde både hovud og kropp i gang, forklarar dansar Kolbjørn Bergset (81) frå Vassenden.

På spørsmål om dei kjem til å vere nervøse på premieredagen, kjem det kontant frå Sarah:

– Nei, ingen problem! Vi skal jo lage show!

Etter fleire av framsyningane vert det også arrangert dans som er ope for alle som vil komme og svinge seg. Det vert dans i Førde, Florø, Dale, Høyanger, Årdal og Stryn.

Artikkeltags