- Svaret på ADHD er ikkje pillar

ADHD fører til lærevanskar, men treng truleg ikkje ha samanheng med dysleksi.

ADHD fører til lærevanskar, men treng truleg ikkje ha samanheng med dysleksi. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

FLORØ: Pedagog og forfattar Georg Ulvehøj kjem måndag til Florø for å halde foredrag og kurs om ADHD, ein diagnose på menneske med konsentrasjons- og lærevanskar.

DEL

Ulvhøj, som har gitt ut boka «Våre ti intelligenser», kjem til Florø i regi av Alternativt Forum.

Det blir fleire arrangement i dagane 8-12. februar. Det blir foredrag måndag i Flora samfunnshus. Tysdag er det både dagkurs for fagpersonar og kveldskurs for alle mulege omsorgspersonar. I dagane etter blir det høve til individuelle konsultasjonar.

«ADHD: Svaret er ikke piller, det finnes fornuftige løsninger», heiter boka der han presenterer sitt syn på diagnosen som blir sett på menneske som har vanskar med å konsentrere seg over tid. Han meiner bestemt at dette ikkje er nokon sjukdom i tradisjonell forstand.

Ulvhøj har også sjølv fått diagnosen, men vel å vinkle det annleis. Han har kasta av seg merkelappen ADHD, og erstatta den med ABBA: Absolutt Begavet, Bare Annerledes.

- Vi er annleis, men ressursterka menneske , påpeikar han.

Les meir om dette på www.alternativtforum.info eller ta kontakt med Anne Grete Brandsøy.

Les artikkel om ADHD.

Artikkeltags