Halvparten av billettane til sommarens låve-story på Svanøy er selde

Morten Abel spelte i Trovikbakken i august 2015.

Morten Abel spelte i Trovikbakken i august 2015. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

For ei god veke sidan vart det kjent at det er er Morten Abel som skal innta låve-scenen på Svanøy i juli. Som kjent vart det stor suksess då Vamp spelte på den aller første konserten i kulturlåven på Sunnfjords perle. Den gongen forsvann billettane ut på berre fem dagar. Riktig så kjapt går det ikkje unna i år, men det går likevel jamnt og trutt, skal vi tru ein av primus motorane, Johan Trygve Solheim.

- Ja, det sjekka eg faktisk i dag tidleg – vi har passert 250 selde billettar. Så dette går vegen, folk må berre skunde seg om dei vil ha billett! seier han entusiatisk.

Han håpar årets låvefest skal følgje fjorårets mal. Då gjekk festen rett nok over to dagar, medan ein i år nøyer seg med ein. Men nesten 800 menneske kjøpte billett til fjorårets to konsertar, og ein gjekk i pluss. Butikken fekk omsetningsrekord, det same gjorde Hjortesenteret, som selde 1000 hamburgerar til Hovedgården og butikken i løpet av helga, og det vart sett besøksrekord også på Bjarne Svanøe sitt galleri.

- Med den interessa som har vore så langt satsar vi på full låve og kjempekonsert og - at vårherre er med oss med kjempevêr slik han var i fjor!

Det er enno ikkje avgjort kven som spelar til dans etter at Abel er gått av scenen.

- Vi har fleire veldig dyktige kandidatar som står i kø for å få lov å spele, pluss eit par vi hadde veldig lyst på som ikkje kunne svare før over påske, så ingenting er avgjort endå, opplyser Solheim.

Morten Abel beviste at han hadde ei godt grep om florapublikumet i Trovikbakken.

Morten Abel beviste at han hadde ei godt grep om florapublikumet i Trovikbakken. Foto:

Artikkeltags