Andrea frå Måløy vidare i Stjernekamp

Andrea Santiago.

Andrea Santiago. Foto:

Laurdag var det MGP-sjangeren som fekk fokus.

DEL

Andrea Santiago framførte den svenske MGP-vinnaren Loreen si vinnarlåt "Euphoria" i gårsdagens program, og det gjorde ho til mykje skryt frå dommarane. Mona B. Riise meinte Santiago har ei imponerande kraft i stemma, og gjestedommar Hanne Krogh kalla Santiago "modig".

– Det skal bli spennande å følgje deg vidare, sa ho.

I VG fekk Santiago ein firar på terningen, og anmeldaren meinte ho ikkje greidde å løfta låta heilt, trass i at ho "syng denne songen som om ho meiner kvart ord". Også frå Dagbladet fekk ho ein firar, medan frå VG-lesarane vanka det ein femmar på terningen.

Det er dei tre med færrast stemmer som står i fare for å ryke ut, og Santiago var ikkje mellom desse - Kari Gjærum var den som måtte reise heim denne laurdagen. Dermed er Santiago direkte vidare til neste runde kommande laurdag.

Artikkeltags