– Sjølv dei som berre kom for festen, drog herifrå Abel-frelste

Så bra var konserten med Morten Abel at arrangøren no lovar ein ny konsert – kvart einaste år.

DEL

529 skaffa seg billettar for å få med seg Morten Abel i låven på Svanøy Hovedgård laurdag, noko som utgjer fullt hus – eller full låve – laurdag som var. Og dommen?

– Heilt fantastisk! Ikkje berre var det eit eksemplarisk publikum, men Abel leverte ein fantastisk konsert, rosar Johan Trygve Solheim frå arrangøren Stiftelsen Svanøy Hus.

– Når du klarar å fenge eit heilt publikum, der halvparten slett ikkje er sikre på om dei er så glad i musikken din på førehand, ja, då levera du! understrekar Solheim.

Tre år utgjer tradisjon

Det var slett ingen liten oppfølgarjobb Morten Abel fekk då han skulle gå i fotspora til Vamp. Vamp opna låven på Svanøy Hovedgård som konsertscene i fjor, noko som vart ein stor suksess over to dagar. Difor var forventingane store før arrangøren kunngjorde årets namn. For at konsertrekkja skal kunne halde fram på Svanøy måtte dei i år vise at konseptet hadde bein å gå på. Difor var letta stor då også årets konsert blei tatt så godt i mot. Sjølv var Johan Trygve Solheim aldri i tvil.

– Abel har den type kvalitet som vi ser etter. Han er ein driven entertainer som har vore gjennom ein heil del, og har noko som fenger alle, seier Solheim, og legg til:

– Det var i utgangspunktet fleire som kjøpte billett berre for festen sin del. Men dei kom bort til meg etterpå, nyfrelste og proklamerte seg som abelfans! Sunnfjord har etter konserten med Morten fått ei solid Abel-fanskare, understrekar han.

Målet er «The Boss»

Stiftelsen Svanøy Hus er allereie i gang med å planlegge den kommande konserten, same helga i 2019. Men kven det er som skal entre scena, held Solheim tett til brystet.

– Først må abelfeberen legge seg før vi kan røpe det, seier han.

Han lovar uansett at det vert ein artist av same kaliber.

– Min visjon, er at så lenge eg kan sparke frå meg, vert det liv på Svanøy. Det endelege målet er sjølvsagt at «The Boss» Bruce Springsteen skal stå på scena i låven, men han får pent stille seg i kø. Før den tid har vi mange fantastiske, norske artistar å vise fram, lovar han.

Artikkeltags