Steinar Karlsen med soloplate

Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Og i helga speler han intimkonsert i Eikefjord.

DEL

Den anerkjente Eikefjord-gitaristen Steinar Karlsen står utvilsamt stødig på eigne bein. I haust har han vore i studio og spelt inn si debut-soloplate, og til helga kan ein få lytte til noko av musikken i ein eigen intimkonsert.

Steinar Karlsen er kjend som gitarist og låtskrivar i banda Hot Little Mama og Spellemannsnominerte Good Time Charlie. No er han aktuell med si første plate under eige namn – Ulydium, som vert sleppt 10. januar 2011.

Laurdag 11. desember spelar han på heimebane i Eikefjord.

– Eg har hatt ein intimkonsert på Nærleiken tidlegare, og det freista til gjentaking. Når eg no i førjulstida hadde sjansen til å halde ein liten konsert igjen, så var eg ikkje tung å be. Eg har mykje godt stoff eg gjerne vil formidle, fortel Karlsen.

Gitaristen frå Sunnfjord har i mange år hausta åtgaum for sin posisjon som bakmann i nokre av Noregs mest kritikarrosa og etablerte blues – og rockeband.

Med plata Ulydium tek han eitt steg i retning av twang og surfmusikk, inspirert av artistar som Mickey Baker, Link Wray & Marc Ribot, og resultatet er ei eklektisk og hardtslåande instrumentalplate.

Plata inneheld 10 originalkomposisjonar og er innspelt og produsert av Steinar Karlsen og Morten Skage (som og har samarbeidd med Sondre Lerche og Sigrid Moldestad).

Mykje av stoffet på den nye plata vert presentert på konserten på Nærleiken laurdag 11. desember. Det vil og bli litt diktlesing av den lokale poeten Oddvar Karlsen.

– Alt ligg til rette for ein super kveld kor gjestane kan senke skuldra litt og nyte god kultur, seier Gro Rukan, dagleg leiar ved Nærleiken.

Artikkeltags