"Stas- ministeren" er borte

ENDELEG PÅ PLASS: I fjor avduka  75 år gamle Kjartan Slettemark si budeie i heimbyga Naustdal, og skapte eit nytt landemerke som stadig skapar debatt - heilt i kunstnarens ånd. Foto: Svend Arne Vee.

ENDELEG PÅ PLASS: I fjor avduka 75 år gamle Kjartan Slettemark si budeie i heimbyga Naustdal, og skapte eit nytt landemerke som stadig skapar debatt - heilt i kunstnarens ånd. Foto: Svend Arne Vee.

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Laurdag døydde kunstnaren og naustedølen Kjartan Slettemark. Send di helsing til ein av fylkets største kunstarar.

DEL

Berre eit år etter at han i styrtregn, iført gummistøvlar og t-skjorte, avduka den mykje omtalte budeia på Sanden i heimkommunen Naustdal, døydde den grensesprengjande multikunstnaren Kjartan Slettemark. Han blei 76 år gammal.

Ifølgje firda.no skal den prislønte kunstnaren hatt helseplager den siste tida, og han sovna inn på eit sjukehus i Stockholm laurdag morgon.

Kjartan Slettemark er ein av tre store samtidskunstnarar Sogn og Fjordane har fostra. I lag med Gunnar S. Gundersen og Oddvar Torsheim, har han vore tonegjevande og inspirert mange, og definitivt sett fjordfylket på kunstkartet, sjølv om han store delar av sitt kunstnarliv har hatt Sverige som base. Mange reknar Kjartan Slettemark som performance-kunstens far i norsk kunst.

Kjartan Slettemark nekta å sleppe taket i kunsten som politisk verkemiddel. Heilt sidan han skapte furore på 60-talet med både bilde- og performancekunst som sette kritisk søkelys på USA si krigføring i Vietnam, har han heile vegen freista å nytte kunstens gjennomslagskraft for å predike pasifisme og motstand mot krig og vald.

Snille, gode og skapande menneske hadde alltid ein heim i Kjartan Slettemarks eigen virtuelle stat, "Kjartanistan", der han var "Stasminister" og åndeleg leiar, og der terror mellom menneske ikkje hadde nokon plass.

Kjartan Slettemark fekk Norsk kulturråds ærespris i 2001, og døydde på morgonen laurdag, etter å ha vore plaga med hjartesjukdom.

Bruk kystpuls.no og kommentarfeltet og send di helsing til ein av landets mest banebrytande kunstnarar.

Artikkeltags