Stabben blir innreidd ved hjelp av gåver

Dugnad på Stabben.

Dugnad på Stabben. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Onsdag var det endeleg vêr- og føreforhold som tillet dugnadsgjengen å stige i land på Stabben.

DEL

Fem stykker var dei, som reiste ut; fire frå Florø Kystkulturlag og ein frå Florø Froskemannsklubb.

Dei brukte den stødige dykkebåten Neptun til transporten, og den var søkklasta av interiør og møblar til det nyoppussa fyret. Dette var gåver som var donerte fra velvillige butikkar i Florø.

Sjå bildeserien "Ved med inn på Stabben fyr!"

Det var litt av ei oppgåve å få løfta alle tinga på land ute på den vesle klippen: Det var skikkeleg sjødrag med dønningar opp i halvannan meter på det meste.

– Ein merker at det har vore uveir ute i havet, sjølv om det ikkje var eit vindpust rundt oss på onsdag ettermiddag, påpeikar Sigbjørn Stenseth frå froskemannsklubben.

– Det friskar opp å få ut litt interiørdetaljar, no når bygningen er vorten så fin, meiner Anita Johannessen frå kystkulturlaget, interiøransvarleg for dagen.

I 2010 vart det avdekka store lekkasjeskader på det ikoniske florøfyret, men etter at oppussinga stod ferdig i 2014, er fyret no i betre stand enn det har vore på mange år. Meir enn ti vindauge vart skifta, all mur og stål utvendig blei sandblåse og behandla for å tole vêret betre, stova fekk nytt golv, nytt tak og plater på veggane. Alt som kunne takast vare på og brukast om igjen, har blitt gjenbrukt.

Den største gleda nett no at det igjen er varmt vatn i springen på fyret. Det lettar arbeidet betrakteleg når det gjeld reinhaldet av det omflødde praktbygget.

Anita Johannessen i Florø Kystkulturlag er svært nøgd med arbeidet som har blitt gjort dei siste åra. Nyleg kom det også varmevatn i springen, noko som forenklar vask og vedlikehald.

Anita Johannessen i Florø Kystkulturlag er svært nøgd med arbeidet som har blitt gjort dei siste åra. Nyleg kom det også varmevatn i springen, noko som forenklar vask og vedlikehald. Foto:

Men ein har framleis utfordringar på vedlikehaldssida.

– Det er behov for gode råd til korleis ein får løysna det gamle golvbelegget i gongar og trapper. Det sit skikkeleg godt fast, men det er øydelagt, og må difor bort, seier Stenseth.

Han oppfordrar folk til å ta kontakt med nokre av medlemmane i kystkulturlaget dersom ein har tips, eller kan hjelpe til med dette arbeidet.

– Elles vil kystkulturlaget rette ei stor takk til alle som har bidrege med gåver til fyret, seier Anita Johannessen.

Artikkeltags