Spik Adel speler i Svelgen

Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Onsdag 30. desember spelar Spik Adel til dans i Svelgen Samfunnshus.

DEL

Våren 2006 var dei dyktige Bremangermusikarane i Bergen og spelte inn ein CD som fekk god respons i Fjordfylket. Det same året vann Spik Adel 3 ganger på rad ”Fylkestoppen” til NRK Sogn og Fjordane med melodien ”Windfall”.

Låten ”Atomic Power” har vore presentert på NRK 1 i programmet ”Cowboy og Indianer”. Spik Adel har også fått kjempeomtale frå Norsk Countrytreff på Breim der velkjende Alex Rosen presenterte den populære Bremangergjengen direkte på Reiseradioen.

Spik Adel var i fjor haust ein viktig del av Bremanger Musikklag sin store konsertsuksess ”Frå Cash til Springsteen”, og laurdag 27. september i fjor stod dei for tredje gang på scena i Gieghallen som sterke støttespelarar i det populære countryprosjektet.

- Likar du å danse og lytte til fengande rock’n roll og countryrock , bør du møte fram i Svelgen Samfunnshus, oppfordrar manager Roald Naustdal.

Spik Adel er eit musikalsk prosjekt som er utvikla og foredla med nøye omtanke over lang tid. Bandet har fylt opp sine musikalske rom med ei god blanding av rock & roll frå 70, 80 og 90-talet med røter i folkemusikk, blues og moderne countrymusikk.

Dei 5 musikarane frå Bremanger har gjort det skarpt på mange speleoppdrag i Hordaland, Møre og Romsdal og i Sogn og Fjordane.

Spik Adel består av: Norvall Klungresæter – gitar og song, Einar Nesbakk – gitar og song, Jarle Grotle – piano, orgel og song, Roger Igland – bass og Helge Førde – trommer.

Artikkeltags