Spik Adel gir ut plate

Artikkelen er over 13 år gammel

BREMANGER: Bremanger-bandet Spik Adel har vore i Lydriket platestudio i Bergen. Resultatet vart ei cd-plate med seks coverlåtar, som denne veka blir lagt ut for sal.

DEL

– Vi trengte litt åndeleg påfyll, og plateinnspelinga hos produsent Geir Luedy Lydriket i Bergen var verkeleg inspirerande. No er vi meir motiverte til å stå på vidare, og kanskje blir det fleire plater etterkvart, seier Norvall Klungresæter.

Saman med Jarle Grotle, Einar Nesbakk, Helge Førde og Roger Igland har han i Spik Adel spelt og turnert fylket rundt sidan 1995. Før den tid spelte dei same karane, åleine eller saman med andre lokale musikarar, både i Brosmebandet, Joyce Mathews Band og Lucky Lips.

Seks melodiar

Frå tidlegare kan Spik Adel vise til ei demoinnspeling med fem melodiar, som har vore mykje spelte på lokalradioen for Sogn og Fjordane.

– Denne gongen har vi plukka ut seks melodiar, og til skilnad frå demoinnspelinga, legg vi no den nye plata ut for sal ulike stader, samt at vi vil selje plata når vi er ute på spelejobb, fortel Jarle Grotle.

Plata kan frå slutten av denne veka kjøpast i daglegvarebutikkane i Bremanger og Kalvåg, Knutholmen, Statoil i Svelgen, Smørbukken i Florø og Førde Lydsenter i Førde.

Under hundrelappen

Tysdag i førre veka fekk lyttarar i Sogn og Fjordane høyre dei første smakebitane frå den nye cd-plata i føremiddagssendinga til NRK. Då var Norvall Klungresæter i studio i Førde saman med fleire andre lokale musikarar i fylket.

– Det er viktig at vi no får marknadsført oss litt, slik at plata vår kan nå ut til publikum, seier Klungresæter.

Og for under hundrelappen kan folk sikre seg eit eksemplar av nykomlingen, og vi kan garantere at det er vel anvende pengar.

Økonomisk støtte

Det kostar å spele inn plate, kronene rullar fort når fem mann går i platestudio ei heil helg.

– Utan økonomisk støtte ville det vore tungt å ro plateprosjektet i land, så vi vil gjerne rette ei kjempestor takk til Bremanger kommune og Bremanger sang-og musikkråd som har hjelpt oss å realisere plata, seier dei fem Spik Adel-musikarane, som allereie neste helg blir å treffe og høyre på Eikefjorddagane.

Andre september gjestar dei Florø Rockeklubb og Haavebua, helga etter spelar dei på Stormfestivalen i Måløy, og 23.september set dei kursen til "Fjøsen" i Jølster. For booking av det populære Bremanger-bandet, er adressa roaldnaustdal@c2i.net eller telefon 57 79 53 03 / 975 94 759.

Artikkeltags